Kirkens Nødhjelp: Aksjon landet over

Behovet er større enn nokon gong, seier Kirkens Nødhjelp. Krigskatastrofen i Midt-Austen krev akutt hjelp. Vatn til tørkeområde er langsiktig målsetting.

Aksjon A Åsskardgruppa[1]
Åsskardgruppa klare på startstreken. Foto Bernt Bøe
Aksjon B Gro HV
Diakon Gro Hauge Venås administrerte aksjonen i Surnadal. Foto Bernt Bøe
Aksjon C Vår og M
Vår og Mathilde besøkte i Bøverfjord sentrum og strekninga Settemsørane – Sletta. Foto Bernt Bøe
Aksjon D Litt kos
Pølser, saft og kaffe smaka godt - og vel fortent - etter to timars kveldsøkt. Foto Bernt Bøe


Tysdag gjekk konfirmantar og andre dør-til-dør med KN-bøsser og vipps i bygd og by. Gjevarinnsatsen var stor og gir betydelege midlar til livgjevande innsats.

Vi observerte Fasteaksjonen i Surnadal. Innsatsleiar Gro Hauge Venås registrerte tilnærma full oppslutning i sine sokn - Mo, Øye og Ranes, Todalen, Stangvik og Åsskard.

- Så blir det spennande å sjå resultatet når oppteljinga er ferdig. I fjor samla desse bygdene inn rundt 130.000 kroner.

Og skulle det vera nokon som var borte og ikkje fekk gjeve si gåve på sjølve aksjonskvelden? Da understrekar kyrkja at det framleis er høve til å nytte KN sitt vippsnummer 2426. Midlane der blir rekna med i summen for det enkelte lokale sokn.

… Bernt G. Bøe, KN-kontakt i Åsskard …
 

VI SPONSER BØFJORDNETT