Karstein varmar opp og billettane fyk unna!

Ingebjørg Bratland - Live i Bøfjorden:

Ingebjørg Bratland kjem som kjent til Leikarvollen Scene 06.mai - no er det klart at låtskrivaren i bandet Perikom, Karstein Mauset, tek med seg gitaren for å sette publikum i den rette stemninga. Billettsalget til konserten vitnar om stor interesse!

Presse2
Oppvarmar: Karstein Mauset frå bandet Perikom skal sette publikum i den rette stemninga før Ingebjørg Bratland tek over.
Foto: Isabel Watson
Foto: Isabel Watson


Perikom, som ble til i 2002/03, spiller egne låter med tekster av lokale diktere som Hans Hyldbakk, Astrid Krog Halse og Jørgen Gravvold. Bandet er fra Rindal, og sjangeren er noe som kan minne om visepop, med trykk på «vise»!

Edvin Nyland Nessæther i Leikarvollen Scene seier til Bøfjordnett at han er svært glad for at musikaren frå Rindal ville stille som oppvarmar for Bratland.

- Perikom og Mauset sitt musikkunivers passar etter mi meining "kjøle" godt saman med Ingebjørg Bratland sin musikk. Dette blir ein unik kveld, som eg trur mange vil sette pris på. Det vitnar også billettsalet om, for no er det berre 36 billettar igjen av 230! Eg anbefalar difor at dei som har lyst til å få med seg denne konserten går inn på denne linken og bestiller seg billett. Eventuelt kan ein sende ein sms til meg på 41416373. Det blir neppe ledige billettar i døra, avsluttar Nyland Nessæther.

Konsertstart er 19.30, kor altså Mauset entrar scena først for å servere to låtar, før Ingebjørg Bratland går på.

Dørene åpnar kl.18.30.

Hald deg oppdatert ved å følge Leikarvollen Scene på Facebook.

 

VI SPONSER BØFJORDNETT