Kaptein Sabeltann kjem tilbake!

Den andre helga i september blir det eit gjensyn med Kaptein Sabeltann ved Bøkleppnausta i Bøfjorden!

Bøkleppnaustet
Foto: Christopher Weyde
Kaptein Sabeltann 054
Foto: Gøran Rønning
Kaptein Sabeltann 035
Foto: Mari Vattøy


Primus motorar Nora Vetleseter Bøe og Bodil Kvam Aasbø kan melde følgande:

"- Andre helga på september satsar vi igjen på Sabeltannforestilling ved Bøkleppnausta. Forestillinga vil bli i stort sett samme form som sist, og det er også denne gongen ungar frå Bøfjorden som er aktørar med god hjelp frå nokre vaksne. Og Sabeltann dukkar sjølvsagt opp i år som i fjor! Vi kjem att med meir detaljert info om arrangementet etter sommarferien. Vi håpar mange gler seg på eit gjensyn med sjørøvarane og folka i Kjuttavika!"

Les anmeldelsen av forestillinga frå i fjor her!

VI SPONSER BØFJORDNETT