Kamera-dag med Bengt: Å fange lyset!

Bengt Eriksson gav eit tidlaust kåseri på museet i Bøfjorden søndag. Tema var fotokamera frå alle tider.

Kameradag j[1]
Bjørg Skrøvset (t.v.) og Kari Sollid Heitmann studerer Geir Settemsdal sine kamera.
Kameradag i
Naturfotograf Ingrid Kristine Holten Sollid var interessert tilhørar.
Kameradag h
Museumsvert Inge Dønheim honorerte kåsøren med boka «Mangt å minnast». Bengt sin kommentar til framsidefotoet av Edvin Landsem var sjølsagt: - Kva kamera er det teke med?
Kameradag B
Kjøkenvertinne Elisif Sæthervik blir vist gamle kamera, som eit Huttig frå slutten av 1800-talet.


- Fotoet talar sant!

Begeistringa for foto – dette «å fange lyset» - har følgt han heilt frå gutealderen. – Biletet snakkar jo sant! seier han. – Annleis enn måleria, som bløffar med pynta portrett av kongelege og kjendisar bakover hundreåra! 

Her tok han eksempelet Christian VI – kongen som grunnla Kristiansund i 1742: - På måleri er han jo ei kraftig kjempe. Men eg har sett drakta hans på museum i København. Viss han kom seg inn i dei kleda, må han jo ha tvert imot ha vore ein spjæling!

Ekspertise

Frå si private samling på 400 apparat viste Eriksson eit utvalg over tre fulle bord.  Og kunnskapen om kvart kamera, utvikling og funksjon fekk forsamlinga til å måpe. Glasplater og film av alle slag, ulike blendar- og lukkarsystem, polaroid og fokalplan, avstandsmåling og stereofoto – alt formidla med fagmannens ekspertise. 

Ulike produsentar

Russland produserte fleire fotoapparat enn alle andre land, fekk vi vite. Eksempel på og historikk om store og mindre berømte produsentar trilla fram: Kodak, Zeiss-Icon, Praktica, Voigtländer, Nikon, Panasonic ... you name it.

Somme lokka fram smilet – «Kaffekanna» frå 1933 og Honolulu Blue, som vart laga eitt einaste år, 1983. 

Kamera for levandefilm har eg ikkje satsa så mykje på, sa Bengt. – Men her er eit 16 mm frå så tidleg som 1923!

Illegal Minox i Kristiansund

Ein fabrikk i Dresden laga mange kamera. Den overlevde bombinga under krigen, men vart teken av russarane etter kapitulasjonen. - I Kristiansund brukte fotograf Engvig eit lite Minox Miniature til å ta illegale bilete, også av dokument, under krigen, visste Bengt Eriksson å fortelje.

Kroningsreisa i 1906

Han viste også unike historiske foto – mellom anna frå kong Haakon VII og dronning Maud sitt besøk i Kristiansund under reisa til kroninga i Trondheim i juni 1906. Her var også kongens skip «Heimdal» og to sjaluppar fotograferte på hamna. – Skulle gjerne ha visst kva kamera som var bruka da, kommenterte Eriksson. – På land brukte nok fotografen stativ, men frå sjøen var måtte han halde apparatet i hendene. Likevel er kvaliteten ypperleg. 

Tok oppfordringa

Og folk i salen kunne konstatere at folka bak kamera den gongen verkeleg kunne sine ting: – Dei visste å fange både lyset og dei kongelege!

På oppfordring hadde publikum med gamle kamera. Ole Trygve Foseide viste sitt Voigtländer frå 1937, som faren Olav hadde hatt. Tidlegare sjømann Geir Settemsdal hadde kjøpt apparat både i USA og i Finland. Bøfjordens eigen naturfotograf Ingrid Kristine Holten Sollid viste eitt av dei ho gjerne har med på sine safariutflukter. 

Ukens Kamera

Og den som sjå meir av følgje Bengt Eriksson sine samlingar, kan gå inn på heimesida Ukens Kamera, der han kvar dag sia 2020 har presentert eitt av sine 400 apparat!

VI SPONSER BØFJORDNETT