Jul og høgtid i kyrkjene

- Til kirken samle seg fra hver gård og grend de unge, gamle av kvinner og av menn, syng Landstad i den norskaste av alle julesalmer.

Jul A Øye figurar
Prost Vidar Rygh har hyra inn heile persongalleriet frå Juleevangeliet til høgtidsgudstenesta i Øye første juledag! Foto Bernt Bøe
Jul B1 Forsongargruppe Surnadal
Forsongarane gjer stor innsats året rundt – ikkje minst ved høgtidene. Her ei gruppe i Øye kyrkje. (Foto Bernt Bøe)
Jul B2 Forsongarar Åssk
Forsongarane gjer stor innsats året rundt – ikkje minst ved høgtidene. Her ei gruppe i Åsskard kyrkje. (Foto Bernt Bøe)
Jul C Karen Oddny HG  2018 12 25 Stv krk
På juledag i Stangvik vil Karen Oddny Husby Gravvold som så ofte før synge det gamle «Julverset» i tradisjon frå heimegarden Åsbø. Foto Bernt Bøe
Jul D Amund Valde organist
Surnadals nye organist Amund Valde har utan tvil ein av dei travlaste jobbane i jula. Foto Privat
Jul E Madonna Ranes ca 1250
Denne skulpturen av Maria med Jesusbarnet (no på museum i Trondheim) er frå kyrkja i Surnadal rundt år 1250 - eit gripande vitnemål om kyrkja sine juletradisjonar i bygda! (Dordi Glærum Skuggevik har skaffa Ranes-kyrkja eit flott foto av originalen.)
Jul F Dekorativt Åsskarde 2019 12 24 Julaftan
Korpartiet i Åsskard kyrkje ein julaftan. Foto Bernt Bøe
Jul G Åssk krk 2020 Gerd Anny Gjengstø
Åsskardkyrkja i måneskin julekvelden 2020. Foto Gerd Anny Gjengstø
Jul H Vangsgutane Todalen
Endatil i Vangsgutane ser vi held julehøgtid – her i Todalen, tegna av Jens R. Nilssen.


Vi samlast også 150 år seinare og fyller kyrkjene - særleg på julaftan. Store deler av folket vårt ønskjer å feire jul i kyrkja si - der høgtida finn si naturlege form og sitt sterkaste uttrykk.

Alle seks kyrkjene i Surnadal markerer dette med gudstenester også i år - Mo, Ranes, Åsskard og Todalen på julaftan, Øye og Stangvik på juledag.

Prost Vidar Rygh forrettar i Åsskard, Todalen og Øye. Pål Arne Winsnes gjer prestetenesta i Mo, Ranes og Stangvik. Attåt seg har dei tosifra mannskap i kyrkjestaben.

Grupper på galleria styrkjer salmesongen. I Åsskard og Todalen deltek medlemmer av koret P17, mellom anna med lokale juletonar. På juledag i Stangvik vil Karen Oddny Husby Gravvold synge «Julverset» med tonen frå heimegarden Åsbø. Slik er ein ubroten folketonetradisjon teken vare på.  

- I Mo og Ranes blir det også lokale musikkinnslag, opplyser Surnadals organist Amund Valde. Han er sjøl utan tvil blant kyrkja sine travlaste på jobb no i desember. Amund spelar også i Øye på juledag og lovar der solistisk musikk i tillegg til den liturgiske.  

Kyrkjefolket sine takkoffer i jula går gjerne til organisasjonar som nettopp ved slike høgtider har viktige omsorgsoppgåver.

Folk vil nok følgje Landstad til kyrkja også denne jula, «fra fjord og fjære, fra fjell og dypen dal», slik han intonerer sin store julesalme.

Og for den som av ulike grunnar må vera heime: Gudstenestene i Ranes julaftan og i Øye første juledag blir sende på lokalkyrkja sitt TV-nett.
 

…… Tekst Bernt G. Bøe ....

VI SPONSER BØFJORDNETT