Jordras sperra vegen

Jordras i Settemsdalen

Oppdatering: Vegen er åpna for trafikk på fylkesveg 6160 opplyser Vegtrafikksentralen. - Det har gått eit jord/leire-ras i Bøfjordvegen nedmot Bøfjorden rundt mellom kl.07 og kl.07.30 i dag. Heile vegen er sperra og politiet og entreprenør er på staden.

20200206_074457
Jordras-korrigert


Raset er ca 50 meter bredt og ein halv meter høgt.

Det er ikkje moglegheit med omkjøring så akkurat no er bygda vår innesperra. 

Sondre Bøe som har sjekka forholda på vegen på Bølandet, skogsvegen innmot Åsskard, seier at det ikkje kan kjørast der heller da vatnet har gjort sitt også der.

TK melder at politiet og entreprenør meiner at ryddinga tek nokre timar.

Skulebussen står trygt på krysset på Settem.

VI SPONSER BØFJORDNETT