Jonsvaka i Åsskard

Gode musikkrefter deltek når Åsskard kyrkje fredag kveld feirar Jonsvaka for 41. gong.

Jonsvaka A Koret P17[1]
Koret Prosjekt 17 er hovudarrangør og aktiv deltakar. Foto Bernt Bøe
Jonsvaka B Orkester
Trond H. Saltnes (frå venstre), Anna Ostachowska, Ebba Ringmar, Zhala Aliyeva og Odd Sonntag er den internasjonale kvintetten som gjerne gjestar Åsskard – her i 2022. Foto Bernt Bøe
Jonsvaka C Sigrid Erik
Sigrid Vetleseter Bøe og Erik Rosenius byr på klassiske storverk, viser og romansar. Foto Bernt Bøe
Jonsvaka D Eva Randi
Soknerådsleiar Eva Jorid Svensen og P17-korist Randi Bøe lovar kaffe i pausen. Foto Bernt Bøe
Jonsvaka E Kåsøren
Bernt Bøe kåserer om levd liv, lokale kyrkjetonar og merkelege hendingar. Foto Randi Bøe
Jonsvaka F Plakat


Arrangørkoret P17 samarbeider med operasolistane Sigrid Vetleseter Bøe og Erik Rosenius, pianisten Hedda Hansen Berg og ein instrumentkvintett frå Kristiansundsoperaen.

Hentar heim klassiske godbitar

Høgsommarkvelden i Åsskard har sia 1982 vore stemningsfull ramme om musikk som er «henta heim» for å bli delt med folket her. Kvifor skal berre store byar formidle det beste? Overskrifta denne gong er «Tonar året rundt» - med smak av jul, påske, pinse, sommar og folkeliv. 

Strykarar frå Operaen i Kristiansund, oboist Ebba Ringmar og pianist Hedda Hansen Berg borgar for instrumental velklang i verk av blant andre Mozart, Grieg, Haydn, Bach og Handel.

Songsolistane byr på vakre og uttrykksfulle perler. Erik syng for eksempel utdrag frå Skapelsen av Haydn og «Grosser Herr» frå Bachs Juleoratorium. Sigrid er glad i både Grieg (m.a. den gripande sluttscenen frå «Peer Gynt»), Mozart (Lovsongen frå «Grosse Messe») og Handel («Rejoice»).

Koret Prosjekt 17 samarbeider også med orkesteret i tonar av Bach, Mendelssohn, Elgar og andre.

Muntre jubileumsglimt frå Stor-Stangvikgjeldet

Kulturkvelden i er 3-delt. I jubileumsåret for kyrkjene i Halsa (300 år) og Rindal (150) startar den med historikk (og humor!) frå det gamle Stor-Stangvikgjeldet. 

Ut frå bøkene sine  gir Bernt Bøe gi glimt av fargerike personar og hendingar.  Kyrkjesongen er eit kapittel for seg. Folketonar frå Nordmøre prydar salmeboka, og kåsøren har spora opp nokre av kjeldene. Men kvar gjekk folk ut av kyrkja fordi klokkaren song så elendig?

Rindal – med gammelkyrkja - var del av Stangvik til 1857. Kva tykte Hans Nielsen Hauge om presten der i 1799? 

Kyrkjeroinga har rike tradisjonar. Visste du at kyrkjebåten frå Halsa berga jenta som rømte frå bjørnen? Slikt og mykje anna blir å høre i kåseriet.

I pausen før konserten er det triveleg fellesskap der Åsskard sokneråd spanderer kveldskaffe. 

Jonsvaka 24 er støtta økonomisk av blant andre Sparebank1, Gjensidige, Talgø-MøreTre, Bertelsen Gravferd og Røv Mølle.
 

.... Innsendt av Bernt Bøe for arrangørkoret prosjekt 17 ....

VI SPONSER BØFJORDNETT