Jonsvaka for 35. gong
Jonsvaka i Åsskard kyrkje St.Hans-aftan er den 35. i samanhengande årrekkje frå 1982. Kor, kåsør, solistar og profesjonelt instrumentensemble inviterer til ein stemningsfull midtsommarkveld.
Torunn Kroknes og Nora Vetleseter Bøe er songsolistar. I ensemblet spelar Marthe Belsvik Stavrum fløyte og Ebba Ringmar obo. Strykarar er Trond Harald Saltnes, Odd Sonntag og Ellen Holmås. Tor Strand sit på orgelkrakken. Åsskard Kyrkjekor er både arrangør og musikalsk hovudaktør.
I høve Bibelselskapets 200-årsjubileum kåserer Bernt G. Bøe over dagleguttrykk med opphav i Bibelen.
Etter kaffepausen er det konsert med musikk frå mellomalderen til vår tid. Blant komponistane er Mozart, Beethoven, Handel, Bach og Mendelssohn – og to av kveldens aktørar!
Ensemblet spelar m.a. frå Mozarts Fløytekvartett i D-dur og Beethovens Trio for obo, fiolin og bratsj.
Frå korprogrammet kan nemnast utdrag frå to Bach-kantater, Handels «I will magnify Thee» og «Han byder sine engler» frå Mendelssohns «Elias».
Billetten er utforma som eit fyldig hefte med tekst og bilete frå desse kulturkveldane gjennom 35 år.
Programmet startar med kåseri kl. 21. Etter kaffesamveret blir det konsert kl. 22.
Her er historikken bak Jonsvaka i Åsskard - frå starten i 1982 og fram til i år: