Jonsokfest i kyrkja

På jonsokdagen 24. juni vart den førtiande «Jonsvaka» (sia 1982) arrangert i Åsskard-kyrkja. Kor, solistar, musikarar og stappfullt hus sørga for ei fulltonande jonsokfest.

A Jonsokfest Foto Mali H Settem (13)[1]
Kor og orkester med Sigrid i hovudrolla framfører «Solveigs Vuggevise» - sluttscenen frå Peer Gynt. (Foto: Mail Settem)
B Jonsokfest Foto Ebba R (3)
Jonsvaka starta med biletkåseri – og som vi ser, for fulle benkar. (Foto: Ebba Ringmar)
C Jonsokfest Foto Privat
Erik og Sigrid i ein duett frå Larssons «Förklädd gud». (Foto: Privat)
D Jonsokfest Foto Privat
Ola Bræin formidlar folketonar på ein måte som ingen annan evnar å få til. (Foto: Privat)
E Jonsokfest Foto Mali H Settem (1)
Kveldssalmen «No kviler skog og lundar» - frå kyrkjetrappa i sommarnatta. (Foto: Mali Settem)


Etter biletkåseri med tilbakeblikk på 40 års historie og ein triveleg kaffepause kom konserten «Tonar til alle tider». Tittelen viste til musikk som på ymse måtar knyter seg til årstidene og til døgnets faser, til høgtidene i kyrkjeåret frå advent til pinse og til mange hundre års kulturhistorie. 

Dyktige utøvarar

Solistane Erik Rosenius, Turid Røen Kroknes og Sigrid Bøe serverte musikk av Bach, Grieg og andre store komponistar. Eit profesjonelt ensemble med Ebba Ringmar (obo), Åse Våg Aaknes og Synnøve Hammervold (fiolin), Anne Våg Aaknes (bratsj), Eivin Rossbach Heier (cello) og Tor Strand (orgel og piano) gav strålande tonefølgje.

Munnspeltonar frå og til folkets sjel

Eit høgdepunkt i konserten var Ola Bræin si lekre avdeling med lokal folkemusikk – tonar som hans far Edvard i si tid henta fram frå folkesjela og bevarte på notar for ettertida.   

Grieg-tonar

Sigrid er glad i Edvard Grieg og delte mange av hans perler med publikum: Den friske «Blåbærli» frå Haugtussa-songane, «Solveigs Sang» og finalescena «Solveigs Vuggevise» frå Peer Gynt-musikken. Her deltok også koret med «Påskesalme» i vekselsong med solisten.

Juletid og Landkjenning

Etter fleire solosongar og duettar med Sigrid, Turid og Erik kom to større verk for kor, solistar og orkester.  «I denne søte juletid» hadde Øystein Moe og Sigrid Bøe i solorollene. Erik Rosenius og koret tolka kong Olav Tryggvason sine visjonar i «Landkjenning» (også av Grieg).

Solidaritet og nattleg farvel

Med solidaritet og samsong som motiv vart programmet i kyrkja avrunda med Oscar Petersons «Hymn to Freedom» - meir aktuell enn nokon gong.

Og med den gamle kveldssalmen «No kviler skog og lundar» - framført på kyrkjetrappa av damekor og strykarar – tona den 40. Jonsvaka ut i sommarnatta.

VI SPONSER BØFJORDNETT