Johannes Skrøvset til minne

Johannes Skrøvset Eldbjørg Nessæther

Familie og venner tok avskjed med Johannes Skrøvset i Åsskard kyrkje tysdag 1. desember. Saknet vil merkast lenge etter ein bøfjording som gjorde inntrykk på så mange.

Johannes fekk eit annleis liv enn dei fleste av oss. Men han både treivst og bidrog til trivsel i sosialt lag. Der bygdefolket møttest, var Johannes med. Han lika seg godt på basar og bingo, på trimtreff og - ikkje minst – på fotballkampar.

Bøfjord-patriot var han i alle ting. Han og alle andre opplevde heimen Skrøvset som kraftsenteret for idrettslivet i bygda, fotball som annan sport. Johannes var alltid oppdatert på tabellsituasjon og resultatlister.

Blant hobbyane elles var fotografering og fyrstikkreklame. Han hadde fyldige album med bilete av venner og aktiviteter. Og samlinga av fyrstikkesker med ulike reklamemotiv talde over 2000.

Dyra heime på garden var han glad i, og dei fekk gjerne kveldsbesøk av Johannes – som ville sjå at alt stod bra til med dei.

Han var ein stor humorist og lo godt av det som var moro. Sjøl kunne han også vera det vi i Bøfjorden kallar ein «farkstav» med munter erting og godslege småpretter. Men han kunne også ha sine tunge stunder. Og rimeleg nok vart han såra over nedsettande ytringar.

Tal og tale var ytterkantar i Johannes sitt univers. Språket sleit han med, men han var uvanleg klår og skarp når det handla om tal. Han ordna nummerlappane perfekt til alle utlodningar. Like eins kunne han massevis av bilnummer utanåt og visste nøyaktig kven som var på Leikarvollen, grendahuset eller museet når bilen stod parkert der.

På Bøfjorden Sjøbruksmuseum om søndagane var Johannes ein trufast og populær gjest. Han var førstemann når dørene opna, var den som testa og godkjente bakelsa, sørga for at loddboka gjekk rundt og heldt nøye oversikt over frammøtet kvar gong. Da han for fire år sia flytta til Surnadal Sjukeheim, vart han sterkt sakna på den faste stolen sin ved døra til Litlsalen.

Ei feststund for Johannes og alle andre på museet var det den søndagen at trekkspelaren Oddmund Solem urframførte sin nykomponerte «Vals til Johannes» - tileigna kameraten frå Skrøvset. Valsen «gjer seg godt» på CD’en «Av og med Oddmund».

Bøfjorden Historielag har i lang tid tenkt å gi Johannes synleg honnør for innsatsen hans på sjøbruksmuseet. Dessverre vart han sjuk og døydde før dette vart markert. Men det er ei glede å ta med i dette minneordet at styret i historielaget no – posthumt – har utnemnt Johannes Skrøvset til æresmedlem.

Midt i saknet etter ein kjær sambygding føler mange i desse dagar ein stor takk til bror Steinar og svigerinne Ragnhild for den lune heimen dei skapte for Johannes - med oppofrande innsats og omsorg.

Som naboar og støttekontaktar gjorde også Eldbjørg og Arnfinn Nessæther ei stor gjerning for Johannes. Dei gav han fine opplevingar, turar og samver og sørga for ein varm plass i bygdefellesskapet. På biletet frå 70-årsdagen i 2016 ser vi jubilanten saman med Eldbjørg ved gåvebordet.

Bernt G. Bøe

VI SPONSER BØFJORDNETT