Jørgen-vers på museet

Søndag gir Bøfjorden Sjøbruksmuseum gjenhør med stubbar og vers av Jørgen Gravvold (1930-2005)
Jørgenvers Gravvold Jørgen SKALD
I 1974 vann Jørgen Gravvold skalde-konkurransen i Adresseavisen og vart premiert med modell av diktarhesten Pegasus. (Privat foto)
2020 08 23 PLAKAT Museet
Den vittige, reflekterte og treffsikre trubaduren frå Bøverdalen ville ha fylt 90 dette året.

På museet vil m.a. Gunhild Bøklep Bøe, Inger Lise Heggem og Bernt Bøe portrettere den produktive bygdediktaren og framføre muntre og ettertenksame utdrag frå hans store og varierte produksjon.

Attåt livshistoria til Jørgen kan ein høre om kvitløkens fantastiske eigenskapar, få tips til tannreparasjon (med Araldit), sukke med ei moderne «Dagros», oppleva «Songmøt på Bøfjordskulå» og historia om «Finnguten» - for å nemne litt av innhaldet.

Programmet på museet blir forhåpentlegvis god reklame for konsertane med "Lars Jarle & The Big Mamas", ei lokal gruppe, seinare i haust.

Museet har plass til 40 gjestar og følgjer vanleg smittevern.

VI SPONSER BØFJORDNETT