Innhaldsrik museumsdag

Bygdene er fulle av dyktige folk! Sjå berre husfildsarbeidet. Bakinga. Kunsten. Og kunnskapen om bygda si før og no.

Innhaldsrik A Muntert
Muntert rundt salgsbordet. Kundane Bjørg Skrøvset (t.v.) og Kirsten Solem beundrar varene til Gunnvor Bøe og Grethe Jonli. Ved vinduet studerer Atle Øien den ferske brosjyren om bureisinga i Sletta. (Foto Bernt Bøe)
Innhaldsrik B (1)
Geir Settemsdal viste bilete og fotalte frå Settemsdalssletta. Her framfor Storløa, der besteforeldra Margrete og Lars Bele, mora Gurine og onkel Ola busette seg først på 1940-talet. (Foto Bernt Bøe)
Innhaldsrik C (1)
Syver og Einar Vetleseter Melling selde sjølbaka cookies – og fekk mange lovord for smaken! (Foto Bernt Bøe)
Innhaldsrik D (1)
Kaffeprat mellom gjestar og utstillarar. Frå venstre Johanne Holten, Gjetrud Bråttvik Betten, Asbjørg Vaagland, Anne Grete Gravvold Sæther og Kirsten Baadnæs Bøe. (Foto Bernt Bøe)
Innhaldsrik E Børtre SYVER 20230821_202230
Syver (13) prøvar noko nytt (og steingammelt) – eit børtre! (Foto Gunnhild V. Bøe)
Innhaldsrik F Isvik T
Toril Isvik strikkar kvar dag, seier ho – når ho da ikkje saumar bunadsvestar! (Foto Bernt Bøe)
Innhaldsrik G (1)
Inger Lise Heggem og Gunhild Bøklep Bøe hadde stor avsetning på graut og bakels pluss anna godt. (Foto Bernt Bøe)
Innhaldsrik H
Med rundt 60 innom var det tett rundt borda på museet. (Foto Bernt Bøe)


Søndag hadde museet i Bøfjorden utstillingar og salg av hobbyprodukt, demonstrasjon av børtre, bismar og anna gammelt utstyr - og eit interessant kåseri om bureisinga i Settemsdalssletta.

Besøket var godt. Sjøl om mange kjøpte med seg julegåver, bakverk og anna, kunne vel omsetninga av hobbyprodukt vore større denne gongen. Men ei flott markering av flid og kvalitet vart det - med strikkakjolar, lestar og vottar i alle størrelsar, cookies, såpe, målarkunst og lokale CD’ar.

Veg og bureising i Sletta

Geir Settemsdal kåserte om bureisinga i Sletta på 1940-talet. Eit fantastisk stykke norsk historie - der settemsdalingane tok i bruk seterskjel og høyløer som bustad! I «Storløa» budde besteforeldra, mor og onkel til Geir sjøl. - Det var trivelegaste heimen å besøke, hugsa nabo Kari Sollid Heitmann. - Og i kjellaren under løa hadde dei ku, sau og høner!

60 øre timen

Geir fortalte også om vegbygginga i området - delvis som «nødsarbeid». Og med tøffe tak: Vinters dag var det først å grava seg ned gjennom djupsnøen før dei gikk laus på tela mark og stein. 

Rekningar og lønnsslippar kasta perspektiv over økonomiske forhold for 80 år sia. Jørgen, Bastian og Lars hadde 60 øre timen, og ein stubbrytar kosta 102 kroner. Bilag frå handelsmenn som Hveding, Anton Orset og Aage Garthe fortalte også historie.

Børtre, skjømle og bombeveng

Museet har ei stor samling av utstyr som talar om andre tider. Vengen av ei tysk flybombe som trefte Møredampen «Statsraad Riddervold» i Omsundet i 1940, vekte interesse. Enno i dag pustar ein letta over at ho ikkje eksploderte!

Averøyingen John Harry Kvalshaug visste av eiga erfaring korleis dei bruka «skjømla» til å skremme fisk og sild dit det var ønskeleg.

For 13-åringen Syver Melling var nok bør-treet ei ny oppleving. Hadde han vakse opp for hundre år sia, ville han nok ha bore det ofte.

Mykje har endra seg og forsvunne frå den gongen - spyttkoppen frå kyrkja og «kjerringkjeften» frå tønneverkstedet.

Men på slike dagar går notida og historia hand i hand likevel.

 

................ Bernt G. Bøe / Bøfjorden Histiorielag .........

VI SPONSER BØFJORDNETT