Ingar Snekvik til minne

Snekvik INGAR 2013

Åsskard kyrkje var fullsett til siste plass da bygda tok farvel med Ingar Snekvik tysdag 18. juli. Som styrar på Bøfjord Samvirkelag i eit halvt hundre år frå 1962 fekk han ein vesentleg plass både i kvardag og hjerte hos folket på Bølandet.

Ingar vaks opp på Bergheim i Snekkvika. Etter folkeskule, handelsskule og militærteneste arbeidde han eit år på Bæverfjord Samvirkelag før han vart tilsett som styrar på Bøfjord Samvirkelag. Og leiinga der var ikkje i tvil om at han var rette mann – som Gunhild Bøklep Bøe siterte i si bårehelsing frå laget: «Han har så fine papirer.»

For Ingar var uvanleg flink og punktleg i alt han foretok seg. Det galdt først og fremst det solide forretningsarbeidet - i ei tid med rivande utvikling i handelsbransjen. Dertil fekk lag og organisasjonar i Bøfjorden nyte godt av hans tenester. Aller mest hans hjertebarn Hjelmen Skytterlag, men også for andre var han ein god støttespelar, for eksempel med rekneskap og revisjonsarbeid på fritida.

I helsingane frå næraste familie kom mange av hans allmennt gode eigenskapar fram. Med kameratskap og humor skapte han ein fin sosial atmosfære så vel på butikken som på jaktlaget, i  skiløypa og på skyttarbanen. Nordmørsmiljøet på årets landsskyttarstemne vil nok merke at Ingar Snekvik ikkje er der lenger.

I ledige stunder og som pensjonist dyrka han - bokstavleg tala - jorda, hagen og grønsakene i Kristengarden og skaffa ved frå Kvennabekkteigen. Mange stader blir han sakna, også på plassen sin i Åsskardkyrkja . Der var han alltid å finne når det var song- og musikkstunder og elles, som når dei unge i slekta hadde oppgåver.

I talen sin peika vikarprest Øystein Hellevik på dei mange fargenyansane i båda sorga og kjærleiken menneska imellom. Det mørke vi opplever ved ein avskjed som denne, skal etter kvart veksle med dei lyse og vakre fargane som kjem til å skine gjennom minna etter ein kjær ektemann, far, bestefar, lagkamerat og nabo.

Regnbogens fargar etter ein skoddegrå avskjedsdag vil for oss alle prege eit fredfullt minne om Ingar Snekvik.

Bernt G. Bøe

VI SPONSER BØFJORDNETT