Hyggetreff på sjøbruksmuseet

Gode hjelparar var laurdag samla til hyggetreff på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Middag, kaffe, tilbakeblikk og verbale innslag skapte trivsel rundt bordet.

2019 10 26 Hyggetreff a Mat foto THolm
Desse – og fleire til – har sørga for nok ein aktiv sesong i Bøfjorden Historielag. (Foto: Terje Holm)
2019 10 26 Hyggetreff b Tilbakeblikk foto THolm
Leiar Bernt Bøe viste nokre av årets aktiviteter gjennom tilbakeblikk på lerretet. (Foto: Terje Holm)
2019 10 26 Hyggetreff c Mat Foto THolm
Gunnhild Vetleseter Bøe, Randi Vetlester Bøe og Eli Husby Moen sørga for servering av middag og kaffe. (Foto: Terje Holm)
2019 10 26 Hyggetreff d Haubrott
Aldri eit hyggetreff utan historisk «haubrott». Her er det Ole Kristen Skuggevik, søster Dotrdi Skuggevik og Ragnhild Skrøvset som legg haua i bløytt.
2019 10 26 Hyggetreff e Foto 120919
Styret i Bøfjorden Historielag kan sjå tilbake på ein fin sommarsesong. Frå venstre Magne Bøe, Gunnhild Vetleseter Bøe, Eli Husby Moen, Bernt G. Bøe og Inge Dønheim. (Foto: Randi Vetleseter Bøe)


I regi av Bøfjorden Historielag har sjøbruksmuseet no gjennomført 25 sesongar med program kvar helg frå juni til september. 390 søndagar med kaffe og lokalhistoriske tema har samla over 20 000 menneske sia starten i 1995.

Leiar i historielaget, Bernt Bøe, viste lysbilete over aktivitetene i 2019. Her har skuleeklassar og lag vore innom utanom helgene, og laget har guida turistar på både sundbåt og buss.

Gjennomsnitts søndagsbesøk på museet låg i år noko over 50. Temalista spenner vidt, frå lokal kraftutbygging og plastbåtproduksjon via barneleikar og hobbyaktiviteter til kortreist forfattarskap og 1700-tals krigshistorie.

Nye gåver til museet vart viste fram – blant desse Jon Storløkkens modell av «Cutty Sark», flotte skutebilete frå Ole Kristen Skuggevik og endatil perseutstyr for prestens klassiske pipekrage!

På treffet presenterte Terje Holm sitt komande bokprosjekt, og Einar Oterholm viste lokale kart med vegprosjekt frå 1700- og 1800-talet.

Dordi Glærum bar fram ein velforma takk til dugnadsånda og kulturarbeidet i denne delen av Surnadal kommune.

VI SPONSER BØFJORDNETT