Hybridbutikken tek form

I vinter gjekk bøfjordingane inn for å modernisere Coop-butikken på Bølandet. Og no er omlegginga til «hybridbutikk» i full gang.

Hybridbutikken[1]
- Her blir det ein butikk som alle blir tjent med, seier Coopens altmulegmann Geir Hovde (til høgre) og montør Håvard Pedersen.


- Folk er overberande med litt omkalfatring nokre dagar, seier Geir Hovde idet vi er innom for å kjøpe brød og litt anna. - Vi har flytta disken og omplassert litt, så noko er uvant akkurat no. Men mot slutten av månaden skal moderniseringa vera ferdig.

Trygg «overvaking»

Håvard Pedersen og Håvard Kvendset i firmaet Avarn Security strekkjer kablar, monterer kamera og kontaktar i heile butikken. - Trygg «overvaking» er eit viktig moment i omlegginga til delvis sjølbetjening, seier dei to, som har spesialisert seg på slik ombygging.

1|- Digitalisering skjer med mange butikkar for tida, med litt ulike løysingar frå plass til plass, utdjupar Pedersen - som opprinneleg er frå Mosjøen, men har slått seg ned på Eide.

Digitalt – og bemanna

At Coop Marked på Bølandet blir «hybridbutikk», inneber i prinsippet høve til sjølbetjening døgnet rundt. Redusert tid med bemanning vil bety innsparte lønnsutgifter og såleis sikre bua si framtid.

- Kva tidsrom på dei ulike dagane vi vil ha vanleg, manuell ekspedisjon, er enno ikkje avgjort, seier Geir Hovde. - Det er mange omsyn å ta, og vi må legge til rette for at kundane skal få manuell hjelp når det høver best.

Sjokolade når som helst!

Gode løysingar for alle er prioritert, forstår vi. - Om du så får lyst på sjokolade i 2-tida om natta, blir du ikkje opprådd! ler Geir.

Og bak oss tyt det ut kablar frå kanalane som dei to Håvardane frå Avarn  monterer rundt krokane i det gamle, kjære samvirkelaget. Om tre-fire veker er bua ferdig digitalisert.
 

….. Tekst og foto Bernt G. Bøe ….

VI SPONSER BØFJORDNETT