Hobbydag og Slettahistorie

Søndag inviterer Bøfjorden Sjøbruksmuseum til årets hobbydag med salgsmesse og aktiviteter. Dertil kåserer Geir Settemsdal om bureising og vegarbeid i «SlettÅ» på 1940-talet.

Hobbydag b Settemsdal Geir[1]
Geir Settemsdal har innslag om vegbygging og bureising i Slettå på 1940-talet. (Foto Bernt Bøe)
Hobbydag a (1)
Kjøkensjef Inger Lise Heggem (t.v.) og museumsvert Kirsten B. Bøe er engasjert i år som i fjor. (Foto Bernt Bøe)
Hobbydag c
Bygging av Slettavegen. Frå venstre Olaf Solem, Leif J. Settemsdal, Lars J. Settemsdal, Magnar Hansen, Arne Sollid og Ole Dreyer Aasgård. (Fotoeigar Geir Settemsdal)
Hobbydag d
Utstyr frå gamle butikkar i Bøfjorden. (Foto Bernt Bøe)
Hobbydag e1
Det blir mange slags strikkavarer å sjå – eller kjøpe. (Foto Bernt Bøe 2022)
Hobbydag f
CD er ikkje avleggs! Viser, dansemusikk, slagerar, jule- og kyrkjemusikk med gode lokale aktørar. (Foto Bernt G. Bøe)
Hobbydag g
Spel og leiker blir å finne. (Foto Bernt Bøe)
Hobbydag h
Nokre av Bernt Bøe sine 180 utklippsbøker blir lagt ut. Der finne ein allsidig lokalstoff. (Foto Bernt Bøe)
Hobbydag i
Men kva var denne til?
Hobbydag PLAKAT


Husflid og hobby

Syslar du med handarbeid? Søndag kan du vise fram –  og selje, viss du vil! Mange vil kjøpe julegåver, bruksting og presangar. Her finn ein både lestar og vottar og andre plagg.

Lagar du andre hobbyprodukt? Her kjem det kanskje musikk, litteratur, mat og såpe, kosmetikk, kunst og anna som folk likar.

Ta med samlingane dine!

Er du samlar, kan du vise fram hobbysamlinga di. Vi veit det kjem både utklippsbøker og historiske gjenstandar. For dei yngste blir det spel og leik, kanskje også eit lite leikeverksted.

Museet sine eigne samlingar viser fram ymse ting – kanskje med spørsmål om kva dei var bruka til. Her blir det også gjensyn med «Gammelbutikken».

Veg og bureising i Slettå

Som ekstrainnslag vil Geir Settemsdal, med tekst og foto, vise bureising og vegarbeid «oppi Slettå» for 80 år sia. Eit retteleg lokalt stykke «Bygg ditt land»!

Inger Lise og Torbjørg syslar på kjøkenet, så der får du kaffe og mykje anna godt.

Men aller mest er det publikum sine eigne bidrag som gjer susen på denne museumsdagen!

 

............... innsendt av Bøfjorden Historielag ved Bernt G. Bøe  .............

VI SPONSER BØFJORDNETT