Vi har hjertestartar!

Hjertestartar - bilete

Bøfjord I.L. fekk for nokre år sidan ein hjertestartar med tilhørande kurs - den vart gjeve av fondet til kombinertløpar Mikko Kokslien.  - "Bøfjordnett" ønskjer no å informere bygdafolket og andre om kor hjertestartaren held til i tillfelle nokon ikkje har fått med seg dette.

På Settem står det eit skur som Bøfjorden Brannvern brukar til å lagre brannslokkningsutstyr i - skuret står til høgre når ein svingar ned mot Nordstranda, litt bortanfor verkstaden til Ingebrigt Garthe. Sjå biletet over her så blir det lettare og sjå kor den befinn seg.

Skuret er merka med to skilt, det eine står det "Brannstasjon" på og det andre står det "Hjertestarter" på. Og rett innom døra finn ein hjertestartaren.

Men husk at ved ein hjertestopp er det viktig å først starte med hjerte/lungeredning!! Hjertestararen er eit hjelpemiddel som kan brukast dersom ikkje dette fungerer!

Kvart år vert det utført service på hjertestartaren slik at den skal være i best mogleg stand - det blir bytta elektrodar og batteriet blir sjekka.

Det har vore heldt fleire kurs i bruk av hjertestartaren.