Historier frå sjø og land

Sist søndag satsa Bøfjorden Sjøbruksmuseum på publikum som forteljarar. Og med litt starthjelp via lerretet kom «Våre historier» etter kvart på glid.

Historier a Str Riddervold 1944[1]
Statsraad Riddervold forliste ved Skrøvsetholmen i mars 1944.
Historier b Bombeveng Str Riddervold
Vengen av bomba som gjennombora dekka på på dampbåten i april 1940 - utan å detonere
Historier c Guro Grøtan
Guro Grøtan 102 år gammel på fottur frå Settemsdalen til besøk Betna.
Historier d Mannsk Skrøyfa
Mannskapet på «Skrøyfa» opplevde både alvor og artighet. Bøfjordingar på biletet er: Fremst frå venstre nr. 1 Per Bøe (Olastua), 3 Tore Dragset (Slåa) og 6 Albert Neergård. Bak frå venstre: 1 Ingebrigt N. Bøklepp, 2 Ingvald Bøe, 4 Ole N. Bøklepp (?), 6 skipper Kristian SaNDVIK (HADDE Bøneset på 1920-talet) og 10 Ivar B. Bøe.
Historier e Kristen St
Kristen Staknes (1851-1911) - godhjerta humorist og bereist sjømann.
Historier f Orren
Erik Staknes fanga orrhane med stortrøya si på Litlheia ved Staknessetra. Vi var IKKJE der med kamera (!), men synest historia fortener ein slik fotomontasje. Både orren og jegeren er innfelt, men landskapet er rette åstaden!


Lokalhistoria er felleseige. Kjent og ukjent vart ei fin blanding. På lerretet viste arrangøren fram skipsdrama, personportrett og hendingar frå dyrelivet som inspirerte dei relativt få i salen denne varme sommardagen.

Dampen forliste

Oddmund Gravvold og Liv Bæverfjord hugsa da passasjerdampen «Statsraad Riddervold» forliste ved Skrøvsetholmen i mars 1944.

Oddmund sin far Lars og naboen Per var ekspeditørar på Bø-kaia. Dei ante uråd da dampen fløyta nødsignal i snøkaven. - Med robåt kom dei raskt til for å hjelpe, sa Oddmund. - Dei prøvde å skaffe lege til kaptein Stiansen, som hadde falle ned frå kommandobrua. Men livet stod ikkje til å redde.

Alle dei andre ombord berga seg og fekk hjelp frå bygdefolket. - Det kom mange passasjerar opp til oss på Settem, fortalte Liv. - Alle rom laut takast i bruk for å skaffe dei husly.

Del av tysk bombe

Museet er også eigar av ein del av bomba som tyske fly sleppte over same «Riddervold» fire år før, i april 1940. Bomba gjekk ned i botnen på skipet utan å eksplodere, og kaptein Stiansen tok vare på eine styrevengen - som sønnen John nyleg gav til museet i Bøfjorden.

Ho Grøtan-Guro

«Norges eldste kvinne» i si tid, Guro Grøtan frå Settemsdalen (1849-1954), var ein kjent profil, og anekdotene om henne er mange.

Ho hadde eit optimistisk tidsperspektiv. Kofta ho strikka til 100-årsdagen, «bli god å ha når eg blir gammel», som ho sa. Da Guro var 102 år, vart det fødd ei jente på nabogarden. Men Guro forhasta seg ikkje med å ta den nyfødde i augesyn: - Eg får da sjå ho når ho kjem på vegan!

Men ho hadde sterke meiningar og ville klare seg sjøl, fortalte Liv Bæverfjord: - Ein vinterdag kom ho gåande halve mila frå Settemsdalen med ein stor koffert og skulle til Skrøvsetvika. - Vi ville støtte henne nedover den bratte Ådalen. Men hjelp ville ikkje Guro ta imot. Ho sette seg på kofferten og rente nedover bakken på blankisen!

Halvor Sandnes la til at ho ville unngå folksnakk: - Ein gong ho sat bakpå sykkelen med ein nabo, ropa ho at han måtte kjøre fortare, så folk ikkje kjente dei att!

Guro rekna på sin måte: - Om fjortendaga e det tree-vikå tess kua mi ska bera!

Drama og humor på «Skrøyfa»

Mange historier knyter seg til den legendariske fiskebåten «Skrøyfa». Som dramaet palmesøndag 1934 da ho nesten forliste på tur til Island. Hadde ikkje ein av mannskapet banka opp maskinisten for å få eit fat olje å dempe bølgene med, ville skuta ha forlist og mange forsørgjarar, fleire frå Bølandet, ha kome bort …

Ei artigare Skrøyfa-historie er den om linetorsken som hadde ete sildball dei tømte på havet etter middagen. Ingvald Bøe fann ein heil ball i magen på ein og skal ha sagt det slik: - Ballen var så heit at det enno rauk av han!

Bruratalen hans Kristen

Kristen Staknes (1851-1911) var dyktig og varmhjarta, men også ein slagferdig original. Uttrykka hans i bruretalen da broren Per («ikkje butulleigand mann») gifta seg med Brit («ei fattigførkje, som de alle samen veit») er enno levande folkeminnestoff i Bøfjorden. 

Som mannskap på «Solemsjekta» segla Kristen langs heile kysten: - Eg er like kjent borti Bergen som i brystduklommå min! skrytte han. 

Mykje rart frå dyrelivet

Merkelege dyrehistorier dukka opp. Ein rindaling «skaut» orrhøne ved å peike på henne med ein trekjepp. Da han ropa: «pang», så datt fuglen! - Ho vart oppskremt og døde nok av hjertesvikt, forlarte i si tid eksperten Sverre M. Fjeldstad i «Dyrelivet på våre kantar».

- Men kvifor flyg korpen stadig på vindua på Gammelfabrikken i Todalen? undrast Kjell Gunnar Polden. Bordkamerat Ragnar Halle meinte det kanskje er spegelbiletet sitt han angrip. Plagsamt er det i alle fall.

At Erik Staknes fanga orrhanen med trøya si, at ugla på Polden bomma og vart drepen av høgspenten (med ei mus i klørne) og at fiskeørnen forrekna seg like fatalt da han hogg klørne i ei kveite på Snekkvikbukta, var andre glimt frå historieskatten som berre ligg og ventar på å bli fortalt.

Det vil museet i Bøfjorden gi høve til også seinare.

VI SPONSER BØFJORDNETT