Henning Kvitnes og «Buakokkå» på Grendahuset

Som tidlegare kjent får Bøfjorden storfint besøk søndag 27.oktober når Henning Kvitnes & Trond Helge Johnsen held konsert på Leikarvollen Scene på Bøfjorden Grendahus.

IMG_5815
Henning Kvitnes & Trond Helge Johnsen serverer norsk musikk frå øverste hylle
Buakåkkå-velkommen[2]
Buakokkå serverer mat frå øverste hylle


Same dag vil «Buakokkå» og gode hjelparar stå for middagsservering i kjellaretasjen når dei byr på viltgryte av kortreist viltkjøtt og kremet potetstappe, Bacalao og heimelaga karamellpudding med krem til dessert og sjølvsagt kaffe!

Sal av middag vil foregå mellom kl.15.00 og kl. 18.00

Dørene til konsertsalen opnar kl.18.00 og konserten startar kl.19.00

Så no får du sjansen til å nyte eit nydeleg fiskemåltid eller ei snasen viltgryte før du tek turen opp til hovudetasjen og får servert norsk musikk frå øverste hylle!

Henning Kvitnes har ein rikhaldig låtkatalog å velge frå og med songar som «Evig eies» (kun et dårlig rykte), «Sånne som oss» og «Guttær» for å nevne nokre få, må dette bli ein god dag for middag og musikk!

Vi oppfordrar alle til å kjøpe konsertbillett på førehand og det gjer du lettast ved å klikke deg inn på denne lenkja: https://tikkio.com/tickets/10709-en-aften-med-henning-kvitnes-trond-helge-johnsen

Treng du hjelp til billettkjøp kan du kontakte Kay på mobil 41416373.

Ein kan også kjøpe billett i døra ved å betale med Vipps eller kontant.

Leikarvollen Scene & «Buakokkå» ønskjer alle hjerteleg velkomne!

Henning Kvitnes helsar til publikum:

Henning Kvitnes - "Hvem var jeg for deg"

 

 

VI SPONSER BØFJORDNETT