Helse som tema på museet

Søndag står «Helse» i fokus på museet i Bøfjorden. Linda Therese Bøe er kåsør, og historielaget trekkjer fram både Åsskard Helselag og doktorlegenden Johan Øvrevik.

Helse b Øvrevik Johan Fr 1883-1969
Doktor Johan Fr. Øvrevik (1883-1969) hadde legendestatus i bygdene.
Helse d Avskjed
I 1955 gjorde «heile» Åsskard stas på avtroppande jordmor Astrid Svendsli, som her sit mellom ordførar Ola Bævre og doktor Øvrevik framfor Olastu-trappa under avskjedsfesten.
Helse c Forsamling
Åsskard Helselag har styrka helse og trivsel i over hundre år.
Helse 2016 08 21 Plakat

Helselaget hadde 100-årsjubileum i 2014 og kan vise til ein imponerande innsats for folkehelsa i lokalsamfunnet – med alltid nye satsingsområde innan sunnhet og trivsel.

Doktorlegenden

Johan Fredrik Øvrevik sin 50 år lange innsats som distriktslege for Åsskard, Halsa og Tustna var fenomenal. På museet får publikum høre han sjøl fortelje – i eit radiointervju frå 1961. Her handlar det ikkje om kvit frakk og kontortid, men om stormturar til Aure og utrykning på ski over fjellet for å hjelpe sjuke bøverdalingar!

Jordmor Astrid Svendsli gjorde også ein kjempeinnsats i 1940- og 1950-åra.

Sunnhetskommisjonen

Linda Bøe tek ei medisinhistorisk reise frå Hippokrates si tid via hardhendte «bartskjærar» til Pasteur og moderne medisin. - Eit interessant avsnitt er «Sunnhetskommisjonen» sitt arbeid i Surnadal og Stangvik, der denne kom i stand 20 år før det var lovpålagt, seier Linda og gler seg å gjeste heimbygda med sin studiekunnskap.

VI SPONSER BØFJORDNETT