Helgemesse – ein lysets dag
Helgemesse - Allehelgensdag - har vorte ein god tradisjon. Mange gjesta kyrkjene våre søndag.
Kyrkjehistorisk er fleire tradisjonar knytte saman i vår helgemessefeiring. Tenning av minnelys har vorte eit sentralt innslag. Når naboar og venner deltek, er det eit varmt handtrykk til den som har sakn å bera. Slik markerer dagen håp og tru ut over det jordiske.
Samtidig er den open for alle og er meint å samle heile kyrkjelyden i fellesskap. Mange opplever glede over det lyset som ordet, songen og prestane formidla. Slik er dette både minnedag og tid for lovsong. Vi gjengir her inntrykk frå nokre av kyrkjene i Surnadal.
Ein toneskatt
Torbjørn Brøske gjorde presteteneste i Todalen, Stangvik og Mo kyrkje. I pakt med eldgammal tradisjon song han dagens evangelium – «Sæleprisingane» – med musikk frå Hovlands «Allehelgensmesse».
I Ranes var Vidar Rygh solist i vekselsongane «Bare i håp til Gud». Han gjorde også teneste i Åsskard. Begge prestane formidla Bibelens ord om trøyst og håp. Korgrupper gav løft til gripande salmar – delvis med klangsatsar attåt melodiar som «O bli hos meg».
Konfirmantane i kyrkja si
Særleg inntykk gjorde konfirmantane, kyrkja si unge framtid. Dei ringte med klokkene, delte ut program, ordna salmetavlene, danna stilfull prosesjon, tente lys og hjelpte staben på alle vis. Å delta slik i gripande høgtid gir sikkert gode opplevingar å ta med på livsvegen.
Høgtidssamlingar som dette styrkjer kyrkja sin plass i folket. Og viss ein fekk fram at helgemesse både er minnedag og ein lysets dag for alle, ville kanskje enno fleire ha møtt fram?
........ Bernt G. Bøe ..........