Helg og høgtid i Stangvika

Pinsedagen har høgare status i Stangvik enn mange andre stader. Også årets høgtidsdag vart feira her med fellesgudsteneste for alle nabosokna.

Helg c Postludium
Som postludium improviserte kantor Bjørn Vevang over sluttsalmen «Guds menighet er jordens største under».
Helg b Forsongarar
Dyktige forsongarar – frå venstre Nancy, Zoya, Johanne og Oddveig.
Helg a1 Stab
Klare til prosesjon. Nærast - frå venstre: Prestane Lene Gåsvatn (Rindal), Kristin Strand (Stangvik) og Vidar Rygh (Surnadal). Mellom dei ser vi kyrkjevert Per Arne Hyldbakk, kyrkjetenar Oddvar Væge, medliturg Randi Bøe og (så vidt) konfirmantane Mette Madaus og Elise Hyldbakk.


Korona-kvoten på femti pluss stab var fylt opp da 600 år gammal klokkemalm tona ut over den solblanke fjorden. Denne gong dessverre utan dei tradisjonsrike kyrkjebåtane. Men med to konfirmantar i spissen danna inngangsprosesjonen ein verdig start på kristenkyrkja sin fødselsdag.

Liturgiske oppgåver vart besørga av kantor Bjørn Vevang saman med tre prestar, tekstlesarar og forsongarar frå Rindal, Surnadal og Stangvik. Oddvar Væge var kyrkjetenar - og videoformidlar: Gudstenesta vart nemleg kringkasta via facebook.

Friskt orgelfølgje sette fulltonande liv i kjende pinsesalmar. Like eins var det fin vekselsong i det utvida Gloria og i Bibelsalme 23. Vel er ikkje alle vante med å synge truvedkjenninga. Men i fellesgudstenester kan ein flette saman liturgiske element frå ulike sokn - som i dette og eit par andre innslag.

I preika sa Lene Gåsvatn at trua på Mennesket kan ha tronge kår når ein ser all vondskap som blir begått i verda. Men Gud har tru på oss - sjøl om vi ikkje trur på han. Difor sende han oss sin Ande på pinsedagen.

Nattverden vart gjennomført på ein tilpassa,  fin måte og med god deltaking. Under utdelinga song Johanne Bjørkhaug ein vakker solo med tonefølgje av kantoren.

Som nemnt vart gudstenesta «strømma» via facebook. Dermed kan fleire få oppleva samlinga, sjøl om direktesending gjer at ein ikkje får variere biletregien i ønska grad.

Vi håpar på ei koronafri pinse neste år - med båtar, fleire på kyrkjeveg og med trengsel i benkane. Men takk til alle som gjorde sitt til ei rik pinsegudsteneste i den staselege Stangvik-kyrkja også denne gongen!

.............................

(Tekst/foto: Bernt G. Bøe )

VI SPONSER BØFJORDNETT