Helg er høgtid!

At helg er annleis enn vanleg ørk, kom synleg og hørbart fram ved gudstenesta i Åsskard søndag. Unge og vaksne skapte ei fin stund i aktivt fellesskap.

Helg A[1]
Konfirmantane klare til innsats. Klokkar Randi Bøe instruerer. Foto Bernt Bøe
Helg B
Syver og Elida sørga for rette nummer på salmetavlene. Foto Emilie konfirmant
Helg C
Solvor og May Hilde delte ut salmebok og program. Foto Emilie konfirmant
Helg D
Korsberar Varg og dei andre konfirmantane gjekk fremst i dåpsprosesjonen. Foto Tanja Heggem Grimsmo
Helg E
Jubileumsmiddagen for 50-årskonfirmantane vart halden på sjøbruksmuseet. Foto Bernt Bøe
Helg F
Kay Arne, Jane og John under «overhøringa». Quiz’en spurte om mykje frå konfirmantåret 1974. Foto Bernt Bøe
Helg G
Jubilantane John Gjengstø (t.v.) og Ronald Åsgård med minnefatet – måla av Sigrun Hesjehagen. Foto Bernt Bøe


Alle åtte konfirmantane i bygda deltok på kvar sitt område: Salmeorden, programutdeling, klokkeringing, fotografering, prosesjon, korsbering og dåpsassistanse. Alt smidig og stilfullt utført i deira kvite kapper.

Soknerådsleiar Eva Svendsen presenterte både vinterens konfirmantar og dei inviterte 1974-jubilantane - til velkomstapplaus.

Tema omsorg
I sokneprest Pål Arne Winsnes si første gudsteneste i Åsskard hadde han gleda av å døype vesle Live Heggem Ormset og å formidle dagens tema: Omsorg og nestekjærleik. Dette kom sterkt fram i både bibeltekster, preike, bøner og fellessongar.

Takkoffer hører alltid gudstenesta til. Dagens gåve gjekk til haustens TV-aksjon for Barnekreftforeningen.

Jubileumsmiddag
Soknets årlege jubileumsmiddag for 50-årskonfirmantane var lagt til Bøfjorden Sjøbruksmuseum etter gudstenesta. Sjøl om oppmøtet var mindre enn venta, vart det ei triveleg samling.

Muntre minne frå «prestskulen» hos Karl Jacobsen sat laust. Tilbakeblikk og gode refleksjonar prega hyggesamveret. Og «overhøringa» - i form av spørsmål om sport, pop og politikk frå konfirmantåret 1974 - vekte mange kommentarar.

Presten var også jubilant
Prest Winsnes gleid fint inn i gruppa - han var nemleg også konfirmert i 1974. - Men det var i Trondheim, og der er det ikkje vanleg med slike jubileumstreff, sa han. - Difor er det ekstra hyggeleg å bli med her!

Og i utlodninga var det Ronald Åsgård som vann det populære fatet med måleri av Åsskard-kyrkja, eit lite klenodium til minne om dagen og konfirmasjonsåret 1974.
 

..... (Innsendt av Bernt G. Bøe for Åsskard sokneråd ...)
 

VI SPONSER BØFJORDNETT