Haustfest og gjensyn

Ei finpynta Åsskard kyrkje tok søndag imot 50-årskonfirmantar og mange andre til hausttakkefest.

2019 10 27 Åssk a Presentasjon i kyrkja
Presentasjon: Prest Cathrine Grutle tok fram 50-årskonfirmantane. Frå venstre Eva Jorid, Gunnhild, Kirsten, Anna, Sigrunn, Lovise og Jens.
2019 10 27 Åssk b Middag på Kveldheim
Middag: Jubilantane var soknerådets middagsgjestar på Kveldheim. Invitert også klokkar Randi Vetleseter Bøe (t.h.)
2019 10 27 Åssk c Sigrunn vann fatet
Glad vinnar: Sigrunn vann hovudgevinsten!
2019 10 27 Åssk d Friendship restored
«Friendship restored»: Etter ein knepping hadde Eva Jorid stroke Anna som «venninne» i minneboka. Men alt har tydelegvis ordna seg igjen ...
2019 10 27 Åssk e Minnebøker
Minnebøker og foto av klassen (med lærar Inger Bjørnerud på Sjøheimskulen) og frå konfirmasjonsdagen skapte nostalgi og gode kommentarar.
2019 10 27 Åssk f Konfirmantboka
Sigrunn og Kirsten hugsa læreboka frå «prestskulen» hos Karl Jacobsen.
2019 10 27 Åssk g Skuleklassen
Sigrunn var ikkje på skulen da klassen vart fotografert, men er innfelt i dette biletet. Øvst frå venstre elles: Jens Settemsdal, Ivar Arne Ørbog, Per Jostein Hamnes, lærar Sylfest Rebni, Svein Bøe, Knut Garte og Olav Jan Snekvik. Jenter ståande er Kirsten Bøe, Gunnhild Sollid, Lovise Sæther, Anna Bævre, Eva Jorid Aarseth og Eva Nygård. Sistnemnte var konfirmert i Sunndal, men deltok på festen saman med jamaldringane her i heimbygda.


Åsskard Bygdekvinnelag var vertskap, seniorprest Cathrine Grutle leia gudstenesta og Gunhild Bøklep Bøe var predikant for høvet.

Ho aktualiserte med jordnære refleksjonar dagens tekst frå Fadervår– «Gje oss kvar dag vårt daglege brød». Av 1969-konfirmantane var sju til stades og vart presenterte: Eva Jorid Svendsen, Gunnhild (Sollid) Skjerdal, Kirsten Baadnæs Bøe, Anna (Bævre) Hallangen, Sigrunn Hakstad, Lovise Sæther og Jens Settemsdal.

Mimretreff på Kveldheim

Etter gudstenesta samlast desse til middag og mimretreff på grendahuset Kveldheim i regi av Åsskard sokneråd. Og her sat minna, historiene og latteren laust. Gjensyn 50 år etter konfirmasjonen hos Karl Jacobsen var ei hyggeleg oppleving.

Minnebøker og klassefoto kom fram. Skulesongar vart sunge. Mange småhistorier frå skuledagane og konfirmanttida skapt humring rundt bordet. Jens hugsa godt at han uforvarande tente på håret til Kirsten under Lucia-opptog på bedehuset. Eva Jorid og Anna røpa ein knepping som førte til at ordet «venninne» vart stroke i minneboka! (Men alt tydde på at vennskapet forlengst er gjenoppretta!)

Ein liten quiz tok fram begivenheter frå «gamle dagar» - Grand Prix, månelanding og TV-seriar anno 1969. (Men presten den gongen, Karl Jacobsen, hadde ikkje skrytt av at han i si tid deltok på det norske turnlandslaget!)

Etter utlodninga vart Sigrunn Hakstad den lykkeleg vinnar av jubileumsfatet med namnesøster Sigrun Hesjehagens måleri av Åsskard kyrkje.

Eitt av mange fine minne frå jubileumstreffet denne haustakkefestdagen.

VI SPONSER BØFJORDNETT