Haustfest i kyrkja
Den gamle høgtida Mikkjelsmess lever vidare i kyrkja si hausttakkefest. I Åsskard vil markens grøde og bokutdeling til dei yngste prege søndagens gudsteneste.
![Haustfest A[1]](https://img7.custompublish.com/getfile.php/5458645.2107.italkwsqlaslns/800x0/6730607_5458645.jpg)

Åsskard Bygdekvinnelag ordnar som vanleg med haustpynt, frukt og grønt. Sokneprest Pål Arne Winsnes og hans stab leier messa - etter ordninga «Gudsteneste for små og store».
4-årsbok og bibel
Mange born møter denne gong. Som ledd i soknet si opplæring vil 4-åringane bli tildelt «Mi Kyrkjebok», samtidig som 5-klassingane får «Teikneseriebibelen» i gåve.
Innhald frå desse bøkene pregar både song og tekst i årets hausttakkefest.
Etter messa er det samver med kaffe, saft og noko attåt i Kyrkjestua.
Gudstenesta i Åsskard blir streama på kyrkja sitt TV-nett.
Takk for det gode
Mikkjelsmess 29. september er gammel minnedag for engelen Mikael, som symboliser kampen mot det vonde og for det gode.
Hausttakkefesten tek utgangspunkt i denne tradisjonen - med takk for årets avling og for livets gåver. Dette pregar gudstenester landet rundt på denne tida av året.
…. Tekst og foto: Bernt Bøe for Åsskard sokneråd ...