Har du ledig hus?
![Bøfj A PANORAMA[1]](https://img7.custompublish.com/getfile.php/2782951.2107.uxvsufebfq/800x0/6669268_2782951.jpg)
Kva er vel trivelegare enn at folk ønskjer å komme til Bøfjorden? Grendalaget har fått fleire henvendelsar om folk som ønskjer å leige ein plass å bo her i bygda vår.
Dette gjeld leige for både kortare og lengre periodar, og vi har for tida også interesserte som ønskjer husrom snarast råd!
Har du hus eller fritidsbolig/hytte som står ledig i kortare eller lengre tidsrom og kan vere interessert i å leige ut til nokon som ønskjer å bo i Bøfjorden? Eller veit du om aktuelle utleigarar?
Ta i så fall kontakt med grendalagsstyret, ved leiar Ingebrigt Garthe eller nokre av dei andre styremedlemmane.»