Håkon med gode prestasjonar i NM junior i Nybygda!

Håkon Bøklep har gjort svært gode løp i NM junior på ski denne helga.
Det vart to 11.plassar individuelt denne helga på Bøfjordingen. Det var 130 deltakarar i klassen M17.
Håkon hadde eit fall i løpet laurdag på klassisk 10km, og da gjekk sekunda fort unna. Det er små marginer som skiller desse kjappe guttane i klassen M17.
Søndag var det duka for stafett og her var det blanda aldersklassar, 17-20år. Håkon gjekk ein flott første-etappe i klassisk for lag 3. Sør-Trøndelag skikrets (av 9). Laget gjekk inn til 18.plass av totalt 100 lag.