Gudsteneste og valgstart
Kyrkjevalget stundar til. Søndag er det gudsteneste i Åsskard med informasjon og høve til førehandsstemming.
I dagens gudsteneste handlar mykje om lovsong og rett bruk av det Gud gir oss. Lille Milea blir døypt. Takkofferet går til Kirkens Bymisjon. Det r også nattverd. Soknerådet inviterer til kyrkjekaffe.
Sommarprest Akerø – «litt» nordmøring
Presten Hans Arne Akerø leier gudstenesta. Han er sommarvikar i Surnadal, bur i Bøfjorden og trivst godt på Nordmøre. På morsida stammar han frå Gjemnes og er bror til TV-kjendisen Dan Børge og musikaren John Gunnar Akerø. Familien har hatt nær tilknyting til Frelsesarmeen.
Om kyrkjevalget
Lene Wilhelmsen frå kyrkjekontoret deltek og orienterer om det foreståande kyrkjevalget 11. september – same dag som kommunestyrevalget. Etter gudstenesta blir det høve til førehandsstemming.
Soknerådskandidatar i Åsskard er Eva Jorid Svendsen, Kari Johanne Aarnes, Bernt Bøe (desse er også med i det noverande soknerådet), Ingrid Kristine Sollid Holten, Grete Ingunn Husby Krogstadnes, Aashild Settemsdal, Harald Skrøvset og Jane Nordstrand Svendsli.
Førehandsstemminga varer frå kl. 12 til 14.
............... Bernt G. Bøe / Åsskard sokneråd .........