Gudsteneste for små og store: Åsskard inviterer

Einaste gudstenesta i Surnadal søndag skjer i Åsskard. Prost Vidar Rygh leier den - med god hjelp av barnegruppa Amigos.

Åsskard a Amigos[1]
Amigos med leiar Bodil vil sette preg på gudstenesta. Biletet er frå tilsvarande samling i fjor. (Foto Bernt Bøe)
Åsskard b VIdar WR
Prost Vidar Wilhelmsen Rygh er søndagens prest. (Foto Den norske kyrkja)
Åsskard c Kyrkjebok
6-åringane får tildelt «Mi Kyrkjebok» - eit ledd i trusopplæringa. (Foto Bernt Bøe)
Åsskard d Josef mfl
Vi får høre (og sjå!) forteljinga om Josef og brørne hans – som starta trist, men endte godt. (Frå ein barnebibel)
Åsskard e Kyrkjekaffe 2024
Kos i Kyrkjestua etterpå – i år som (her) i fjor. (Foto Bernt Bøe)
Åsskard f Plakat 2024 02 18


Altså er dette ei samling for små og store. 6-åringane får «Mi Kyrkjebok» som gåve denne dagen – ei oppfølging av Barnas Kyrkjekveld førre veka.

Amigos – leir og gudsteneste

Leiar Bodil Kvam Aasbø fortel at Amigos har leir i Bøfjorden denne helga. Over 20 ungar er med. Etter mange artige aktiviteter på bedehuset Betania om laurdagen blir det avslutning med gudstenesta søndag.

Der vil Amigos bidra med song. Og dei eldste ungane dannar musikkband til nokre av songane! Alle som hugsar Amigos-gudstenesta i fjor, veit at dette er noko å glede seg til. Også denne gong vil takkofferet gå til dette store barnearbeidet.

Bibelhistorier

Den gripande historia «Josef og brørne hans» blir midtpunkt i gudstenesta - med lesing, biletserie og andakt. Frå 6-årsboka kjem forteljinga om Adam og Eva i Edens hage.

Truleg deltek også konfirmantar med ulike oppgåver. 

Og etter gudstenesta er det som vanleg servering i Kyrkjestua.

Innsendt av

Bernt G. Bøe -skrivar i Åsskard sokneråd

VI SPONSER BØFJORDNETT