Godt nyttår til alle!

Vi kan med det rette kalle året 2018 for nok eit innhaldsrikt år her i bygda vår - det er vanvittig stor aktivitet på mange frontar - EI LEVANDE BYGD!
"Bøfjordnett" har som mål å legge til rette for at det som skjer i bygda får omtale på heimesida og på Facebook - derfor er det på sin plass å gje ein stor takk til dei som bidreg med stoff igjennom året - utan dykk hadde dette ikkje vore mogleg! Det er ønskeleg at enda fleire sender inn info om ting som skal skje eller har skjedd! Jo meir, jo bedre!
Ein stor takk må også rettast til alle som kjøper logoplass år etter år - dykkar bidrag gjer det mogleg å halde websida oppe med tanke på den økonomiske biten. Tusen takk!
Det nye året - 2019 - er berre timar unna og "Bøfjordnett" vil med dette ønskje alle som er innom her eit riktig godt og flott nytt år!
Vi sjåast!











.png)




.jpg)


























