God jul og godt nyttår!

God jul - Godt nyttår

"Bøfjordnett" vil med dette takke alle lesarar, bidragsytarar og sponsorar for året som har gått - med ønske om ei fredfull og god jul og eit riktig godt nytt CORONA-FRITT år!

Året 2020 er snart over, og godt er det! Året har vore prega av denne pandemien som har gjort kvardagen vår til noko heilt anna enn kva vi har vore vante til.

Pandemien har også prega bygda vår på den måten at kulturarrangement og samankomstar har vorte avlyste - Utruleg trist for ei bygd som bugnar over med kulturliv gjennom året.

Mange har vore redde og einsame - men håpet er at alle kan finne glede og fred i jula som ligg framom oss no. Tenk på kvarandre - Vis at du er der - Vær eit godt medmenneske!

Året 2021 ligg rett rundt nova - Vi håpar at vi kan gå inn i våren og sommaren med eit smil om munnen - og at vi atter ein gong kan samlast på konsertar og andre arrangement igjen.

"Bøfjordnett" vil med dette takke alle lesarar, bidragsytarar og sponsorar for året som har gått - med ønske om ei fredfull og god jul og eit riktig godt nytt CORONA-FRITT år!

VI SPONSER BØFJORDNETT