God jul og godt nyttår!

julehilsen

"Bøfjordnett" vil ønske lesarar og bidragsytarar ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Nok eit innhaldsrikt år er snart omme i bygda vår - det er mykje som skjer, det er stor aktivitet! Ein god del av dette har du fått lese om på nettstaden vår.

"Bøfjordnett" vil takke alle som sender inn bidrag,men håpar samtidig at fleire også gjer det - jo meir innsendt stoff jo betre!

Ein spesiell takk til dei bedriftene som år etter år kjøper logoplass - de gjer ein viktig innsats! Tusen takk!

Nettstaden held fram også i 2018 - vi håpar lesarane, bidragsytarane og sponsorane heng på eit år til!

Administrator tek juleferie og vil ikkje ha moglegheit til å publisere noko før tidlegast 3.juledag - så inntil da vil vi ønske deg ei riktig god jul og eit godt nyttår!

PS: Vi håpar mange støttar opp om julebordet 4.juledag - ein triveleg og lang tradisjon skal få nytt liv! Meld dykk på - sammen kan vi lage ein super kveld!

 

 

VI SPONSER BØFJORDNETT