God jul og godt nyttår til alle!

God jul[1]

"Bøfjordnett" vil med dette ønskje alle bidragsytarar, lesarar og sponsorar ei riktig god og fredfull jul og eit riktig godt nytt år!

Nok eit innhaldsrikt år er snart over her i bygda vår. Det skjer mykje gjennom heile året - ganske unikt for ei lita bygd som Bøfjorden. "Bøfjordnett" har etter beste evne prøvd å gjort arrangement og andre hendingar kjende via nettstaden og på Facebook. Ein stor takk må rettast til Bernt G. Bøe som med stødig hand bidreg med mykje stoff gjennom heile året. Takk Bernt!

"Bøfjordnett" oppfordrar enda fleire til å komme med innspel til arrangement som kan publiserast - vi har ein fin kalenderfunksjon på nettstaden kor alt av arrangement blir lagt ut - ein ganske fin måte å halde seg oppdatert på! Kalenderfunksjonen ligg på høgre side på nettstaden.

"Bøfjordnett" held stand og vil fortsette på same måte i 2020 - med eit mål om å dekke fleire arrangement og hendingar enn i året som snart er over. Så nok ein gong; tusen takk for eit flott år, med ønskje om ei fredfull jul og eit riktig godt nytt år!

Her kjem nokre strofar heilt til slutt henta frå songen "Julenatt" frå Barne-TV serien "Jul i Blåfjell 2" som passar fint til bygda vår no i juletida (tok meg friheit til å modifisere teksten litt..)

"Det er julenatt i Bøfjorden, her er alt som det skal være
Her i bygda kjennes julen trygg og god
Vi er varme, vi er venner, ingen fare er på ferde
måtte alle under himmelen finne fred og ro"

Julehelsing frå Kay, "Bøfjordnett"

 

 

VI SPONSER BØFJORDNETT