Gløymde bygdekvinner og menn skal fram i lyset

Søndag hentar Bøfjorden Historielag fram profilar frå glømmeboka. Mange ukjente bygdekvinner og menn fortener sin plass i lyset.

Foto d Johanna OREN Staknes
Johanna Staknes var ei driftig kvinne – endatil som omvandrande bokhandlar!
Foto c Ole O
Ole O. Scheistrøen bygde fleire titals kyrkjer – på Nordmøre, i Trøndelag og i Nord-Norge.
Foto f Musters James
Visste du at James Musters var motstandsleiar under krigen?
2019 07 14 Plakat Museet


Med foto og verbalt kåseri vil programmet på sjøbruksmuseet presentere kyrkjebyggjaren Ola Scheistrøen, den livlege forteljaren Ingeborg Sættem (Arnøra) og Johanna Staknes, som dreiv butikk i ingenmannsland og var omvandrande bokhandlar med koffert på ryggen!

Du møter forkynnaren og salmisten Jo Sengen frå Rindalen. Han kunne ikkje gå, men reiste vidt omkring – sittande i ei seng! Kanskje blir det litt om Edvind Strand – meister for både hotellbygg, kommunehus og husmorskule. Og kven var vår lokale Stradivarius?

Du visste nok at James Chaworth-Musters hadde Vaulen på Nordmarka. Men kva med krigsinnsatsen hans?

Kanskje får du med eit par prestehistorier av ymse slag – og småstubbar frå Halvdan Koht sitt Surnadals-besøk i 1905. For å nemne noko.

Det blir altså ymse attåt kaffen denne søndagen. Og den sørgjer Kirsten og Gunnhild for.

VI SPONSER BØFJORDNETT