Gamle Nordmør er klar
Sia 2012 har «Gamle Nordmør» vore kjært lokalt lesestoff ved juletider. No har Bøfjorden Historielag 2025-utgåva av årboka klar.
- Men tru ikkje at boka berre har Bøfjorden som stoffområde og nedslagsfelt, seier utgjevarane.
- Vi har historie og kultur frå heile Nordmøre i tankane, slik namnet fortel.
Styret med Bernt Bøe i spissen fortel at ein i år har henta stoff frå Sunndalen, Kristiansund, Halsa, Aure – og endatil Ishavet – utanom lagets nærområde.
Kva innhald kan ein finne? – I pakt med boka sitt faste motto «Lokal kultur og historie» dukkar det opp skiprodusentar i Bøverdalen, skinnbrev frå 1303 med sterk kvinneprofil, dramatikk i Ishavet og barndomsminne frå Aure, seier utgjevarane.
Visste du forresten at kona til den danske salmebiskopen Thomas Kingo var frå Sunndalen? Eller at eit krigsherja Kristiansund fekk tusen kubikkmeter bjørkeved frå Halsa? Kven var Mester Peter? Og kva drama røpa første radiosendingane i Stangvika for hundre år sia?
Eit vakkert kapittel er vigd Friluftslivets år 2025 - med foto-panorama som kan freiste til turar i skog og fjell. - Og lokal kor-innsats dei siste femti åra er framheva, seier redaktøren. – Den har gjeve bygdefolk mange musikkopplevingar av edelt merke.
«Gamle Nordmør 2025» er rikt illustrert – med heile 250 foto. Boka er straks å få i bokhandlar og nærbutikkar - og kan kjøpast hos Bøfjorden Historielag.
….
Innsendt av Bernt Bøe for Bøfjorden Historielag










_3.jpg)






























