"Gamle Nordmør" er i handelen!

Årboka for Bøfjorden Historielag, "Gamle Nordmør 2016" er i handelen frå førstkomande måndag, melder Bernt G. Bøe.

0 GmN a PR-plakat


"Gamle Nordmør" er årbok for Bøfjorden Historielag og kom ut første gong i 2012. Sidan starten i 1995 har historielaget i tråd med sine statuttar arbeidd for å “ta vare på og gjera levande” den lokale kulturen og historia. Dette blir gjort gjennom temaopplegg på Bøfjorden Sjøbruksmuseum kvar sommarsøndag og med artiklar, kåseri og andre aktiviteter i lokalmiljøet. Årboka “Gamle Nordmør” er også prega av dette.

Elles inneheld boka stoff mynta på nordmøringar og andre - kvar dei enn bur. Kulturen og historia er allmenn og kjenner ikkje bygdegrenser!
Bøfjorden Historielag vil takke for all stønad og alt godt samarbeid som gjer det muleg å halde historia og lokalkulturen levande og som gir oss høve til å presentere “Gamle Nordmør” også i år.

Vi håpar mange vil ha glede av årboka!

Alle som kjøper den, er med og støttar kulturarbeidet vårt!

Boka kan du kjøpe hos Coop Marked Bøfjorden.

VI SPONSER BØFJORDNETT