Gå planken og hopp i havet; - Ta va utrule bra!!

Tok du ikkje turen til Bøkleppnausta i kveld? Da kan du angre stort - for vi som var der fekk ei magisk oppleving!

20150912_191050
Marit Sæterbø Johnsen & Gry Norshusstuen
20150912_192119
Publikum strøymer på
20150912_200538
Eiri som Pinky
20150912_202428
Håkon og Lasse
20150912_203203
Kaptein Sabeltann på skattejakt

Terningkast_6.png
Ein veit nesten ikkje kor ein skal starte....

Du har plassen i seg sjølv - ei vakker perle av ein plass, nesten bortgøymd innst inne på Bølandet. Bland dette med eit supert opplegg, ein dæsj med tøffe lydeffektar, spe på med vakker barnesong som gjev deg frysningar frå topp til tå og avslutt det heile med ståande applaus! Ja dette var rett makalaust!

Du sitt der og gløymer tid og stad medan dei flinke ungane tek deg med til tida med sjørøvarar, skattejakt og spenning - alt dette i naturlege kulissar med fjorden rett under føtene dine! Ungane presterte med vakker sang, snert i replikkane og stor innleving! Og med Lars Settemsdal som ein ypperleg Kaptein Sabeltann vart dette ein stor suksess!

Det er berre og bøye seg i støvet for Bodil Kvam Aasbø og Nora Vetleseter Bøe - sjølvsagt godt assistert av engasjerte foreldre - for den innsatsen som er lagt ned saman med ungane. Det var ein sann fryd og oppleve dette; TUSEN TAKK!

Akkurat kor mange som var tilstades i kveld er jammen ikkje godt og seie, men det var iallefall 171 betalande - ungane gjekk gratis!

Ein skal ikkje sjå bortifrå at Kaptein Sabeltann får ein ny gullalder her i bygda etter denne kvelden!

Nei ta her va lokal kultur på høgt plan!


Les fyldig reportasje hos Trollheimsporten

Les også om sjørøvarkvelden hos Driva

 

VI SPONSER BØFJORDNETT