Frodig folkedikting: Lokalt eventyrhefte

Mykje litteratur frå nærmiljøet blir gjeve ut i desse haustvekene. Bøfjorden Historielag melder seg på.

Frodig a
Einar og Syver finn treffande ord og uttrykk i «Teft og tykkje» og spennande forteljingar i «På evetyrvis». Foto Randi Bøe
Frodig b
Skummelt: Trollgaupa i Kvalnesvika. Montasje: Bernt Bøe
Frodig c Ingeborg S
Ingeborg Sættem på Arnøra i Bøfjorden fortalte mykje til Edvard Langset. Arkiv Bøfjorden Historielag
Frodig D Guten i gadda[1]
«Guten i gadda» - eit unikt eventyr frå Dalabakken i Settemsdalen og finst ikkje elles i landet. John Heggem jr spela guten i ei skuledramatisering. Foto Bernt Bøe


I påvente av årboka «Gamle Nordmør» har laget fornya og delvis utvida dialektsamlinga «Teft og tykkje» og folkeminneheftet «På eventyrvis».

2025-utgåva av «Teft og tykkje» med sine 2300 ord og uttrykk frå nordmørsbygdene kom i september og er alt presentert i lokale media.

Ukjend side av folkelivet?
«På eventyrvis» med sine 70 sider viser ei for somme ukjend side av folkelivet på Nordmøre. Kanskje visste du ikkje at det florerer så mykje eventyr, segner, overtru, ordtak og regler frå Bøfjorden, Todalen, Halsa, Tingvoll, Sunndalen og Surnadalen?

Mange forteljarar
Noko i heftet er nedskrive av samlaren Edvard Langset frå Straumsnes. Mangt er autentiske nedskrifter av levande muntleg tradisjon. Forteljarar i hopetal er med.

Her er lokale variantar av Asbjørnsen og Moe-eventyr. Men veldig mykje er unik nordmørskultur. Slik opererer Oskfisen, Mestertjyven, Vaulaguten og ho Glorianta for full musikk. Huldra og nissen presterer det utrulege.

Attkjenneleg og spennande
- Høver stoffet for barn? Spørsmålet dukka nyleg opp. Svaret må bli at det aller meste er harmlaus underhaldning, men som i klassiske eventyrbøker kan noko vera i tøffaste laget for dei aller minste. Ekte folkekunst er det uansett.

Kven var «Jerusalems skomakar»? Kva historie ligg bak «Den underjordiske onnavisa» i versjon frå Skrøvset? Og har du høyrt om vergjen - på Rø, på Nes, i Bøfjorden og i Betna?

Dette og mykje anna er å finne i «På eventyrvis».

… Bernt Bøe / Bøfjorden Historielag …
 

VI SPONSER BØFJORDNETT