FORNUFT OG FAKTA OM SKULESTRUKTUR!
Lesarinnlegg:
Nora Vetleseter Bøe og John Heggem dy kjem her med eit lesarinnlegg i forbindelse med skulesaka - dette lesarinlegget stod nyleg på trykk i Tidens Krav.
Valkampen er i gang. I Driva 6. oktober uttalar Surnadal Arbeiderparti seg om skulestrukturen i kommunen og seier det vil vere fornuftig å flytte grendaskulane til sentrum. Vi tykkjer det er bra at partiet endeleg går ut med eit klårt standpunkt om framtida for skulane i Surnadal. Etter det vi kjenner til, har det lenge vore tankane å bevare berre Øye og Stangvik skular og flytte elevane frå grendaskulane dit, og no blir det i det minste sagt offentleg.
Ragnar Halle frå Sp skal ha ros for at han tidlegare i haust gikk ut og oppfordra alle partia til å tone flagg når det gjeld skulestruktur. Ærlegheit og rederlegheit blant dei som styrer kommunen burde vore ein absolutt føresetnad i ei så viktig sak. Prosessen som førte til nedlegging av Bøfjorden skule er i så måte eit eksempel på korleis ting ikkje skal gjerast. Både bygda Bøfjorden, ungar og foreldre har måtte betale ein høg pris for det, både under den fleire år lange saksgangen og i ettertid.
Ap-representantane som er sitert i Driva, var ”opprørt over å bli beskyldt for løftebrudd” i samband med nedlegginga av Bøfjordskulen. Dei tok ansvar og tenkte på elevane sitt beste, hevdar dei. At det no skal vere til beste for dei samme elevane å måtte heilt til Øye for å gå på skule, er uforståeleg for oss. Det at dei ikkje innrømmer løftebrudd, er rett og slett uhøyrt og kan ikkje få stå uimotsagt. Vi vil derfor få minne om fakta:
Berre nokre dagar før kommunevalet i 2011 stilte ordførar Mons Otnes seg opp for fotografering saman med dei 8 elevane på skulen vår og garanterte i Tidens Krav at: ”Så lenge foreldrene ikke vil det, så garanterer vi i Arbeiderpartiet at skoler ikke legges ned de kommende fire år.” Nærare valgløfte enn dette kjem ein ikkje få dagar før eit kommuneval.
Mindre enn eitt år seinare, 7. august 2012, gjorde kommunestyret vedtak om at elevane frå Bøfjorden skulle flyttast til Bæverfjord for skuleåret 2012/13. Samtidig var kommunestyret samrøystes om siste punktet i vedtaket: ”Det skal arbeidast aktivt for å få på plass rektor og lærar ved Bøfjorden skule for skuleåret 2013/14 med tanke på vidare drift ved Bøfjorden skule.” Trass i dette kom Ap med forslag om å legge ned Bøfjordskulen allereie i oktober samme året, vel to månader seinare! Dette leidde som kjent til nedlegging i februar 2013. Elevtal eller andre forhold var ikkje endra frå kommunestyret gjorde vedtak i august, og underskrifter frå foreldre i Bøfjorden viste at eit stort fleirtal ønskte å bevare skulen i bygda.
I debatten om skulane i Surnadal blir det frå mange hald hevda at barnetalet i bygdene utanfor sentrum ”stupar”. I Driva-oppslaget frå 6. oktober trekkjer Ap fram at ein ikkje kunne bevare ein skule med 7 elevar i Bøfjorden. Vi bøfjordingar møter stadig utabygdes folk som meiner det mesta ikkje finst ungar her, sjølv om vi kan vise til auke og stabile barnetal framover. Etter kommunen sine eigne prognosar frå mai i år vil talet på ungar i skulealder i Bøfjorden snart ligge stabilt i overkant av 20. Allereie i dag er det nærare 30 ungar frå 0 til 8 år i bygda!
Nedgangen i barnetalet i kommunen er bekymringsverdig. Likevel er det faktisk Øye krets som etter forholda har størst reduksjon, medan dei fleste andre skulane stort sett har stabile tal framover. Alt dette er fakta politikarane må ta innover seg og forhalde seg til om dei verkeleg ønskjer ein åpen og ærleg debatt om skulestruktur og ressursfordeling innan sektoren.
Surnadal Ap seier dei vil lytte til folk når det gjeld denne saka. Det høyrest bra ut, men dei karakteriserer samtidig personar som ytrar seg til forsvar for dei mindre skulane som ”rungande røyster” og hevdar at andre som er for sentralisering ”druknar” i debatten. Ei slik haldning skaper eit dårleg utgangspunkt for debatt og verkar som eit forsøk på å stille forkjemparar for småskulane i eit dårleg lys. Vi veit slike uttalar er eigna til å skremme folk frå å ta ordet i debatten. Når politikarar ber om folk si meining - i valkamp, høyringar, debattar og innlegg, må dei også tole, og takle, å få innspel som utfordrar og gir motbør.
Surnadal kommune har mange engasjerte innbyggarar med tankar om si eiga og lokalsamfunnet si framtid. Det er ei reell bekymring blant mange i ”utkantane” som ser at dei blir nedprioritert til fordel for sentrum. Den alvorlege utviklinga som skjer no, gjeld ikkje berre skulestruktur, men vilkåra for busetjing i heile kommunen for all ettertid.
Vårt råd er at Ap – og resten av maktapparatet i kommunen – lyttar ekstra godt til dei som blir direkte berørt i saker som denne. Sentraliseringskreftene treng ein ikkje bekymre seg for, all erfaring viser at dei klarar seg fint utan forsvar i dagens samfunn.
Nora Vetleseter Bøe og John Heggem dy