Flott skutemodell til museet

Samlinga ved Bøfjorden Sjøbruksmuseum fekk søndag overraskande ein ny fin tilvekst. Modellen av «Presteskøyte I» vekte stor interesse.

Flott a Modell av Presteskøyte I Sandnes H Strand G
Halvor Sandnes (t.v.) og Gunnar Strand med gåva til museet i Bøfjorden.
Flott c Presteskøyte Modell
Modellen av «Presteskøyte I» kjem fint til sin rett på sjøbruksmuseet.


Like etter krigen vart det på Kleivset i Skålvikfjorden bygd tre såkalla «presteskøyter». Desse vart skyssbåtar for prestar i Nord-Troms og Finnmark, der krigsherjingane hadde øydelagt kyrkjer og prestegardar og gjort vanleg menighetsliv vanskeleg.

Kyrkjeteneste

Skøytene var finansierte av lutherske kyrkjer i Amerika. Konrad Oterholm frå Skålvikfjorden var prest i Loppa frå 1946, og han anbefalte sikkert bygging på Kleivset. Tre nøyaktig like kryssarar, kvar på 35 fot og med 45 hk Brunvoll-motor,  vart sjøsette sommaren 1949 og fann vegen til sine kyrkjelydar. «Presteskøyte I» kom til Oterholm sitt prestegjeld i Loppa, dei to andre til Måsøy og Tana.

Istandsetting

Arthur Magnussen var med og bygde presteskøytene. I ledige stunder  emna han på ein modell av skroget , som nevøen Halvor Sandnes seinare vart eigar av.

For ei tid sia tok Halvor kontakt med Gunnar Strand på Surnadalsøra. Gunnar  - i si tid opplært av Sverre Sjøflot - er i dag kanskje distriktets fremste når det gjeld bygging og restaurering av skutemodellar. Han studerte fotografi og tegningar og gjorde ferdig modellen som Magnussen starta på for snart  70 år sia. Både «plank», dekk, styrehus, lettbåt, davitar, anker og anna tilbehør på modellen vitnar om fagmannens innsikt og teknikk.

Oterholm kåserte

Så passa det ypperleg at den uventa overleveringa av gåva vart ein del av programmet på Bøfjorden Sjøbruksmuseum sist søndag. Der kåserte nemleg Einar Oterholm med utgangspunkt i si ferske bok om skipsverfta på Kleivset og fortalte utførleg om presteskøytene, tre særeigne farty med si heilt uvanlege historie. Alle er enno i bruk - som fritidsbåtar.

Modellgåva frå Halvor Sandnes og Gunnar Strand gjer seg godt på kommandobrua på sjøbruksmuseet.

VI SPONSER BØFJORDNETT