Fjell og fjord på museet

Naturoppleving, åstader og terrengnamn står på søndagens museumsplakat i Bøfjorden. Mest fjell, men også litt fjord.

Fjell og fjord A[1]
Bølia er ikkje høg, men gir flott utsikt: Havet og Kristiansund i vest, vidare Blåfjellet og Skreå med Tustnastabbane bak «og fagraste fjorden i fanget». Foto Maria Vetleseter Bøe
Fjell og fjord B
Kort og lett tur til trimposten ved Svarttjønna. Foto Bernt Bøe
Fjell og fjord C
Ved tuftene av Utistusetra på Heggem står ein merkeleg steinfigur. Kva fortel den? Foto Bernt Bøe
Fjell og fjord D
Høgbrua ved Leikarvollen. Her startar Gammelvegen til Settemsdalen. Foto Bernt Bøe
Fjell og fjord E
Kva med ein tur på idylliske Åsskardfjorden? Foto Eva Jorid Svendsen
Fjell og fjord F
Anders Melling har forsert Gauphammaren attmed Bøseterdalen. Foto Gunnhild Vetleseter Bøe
Fjell og fjord G
Kva kongenamn ligg i steinskrift oppe på Hjelmen? Foto Bøfjorden Historielag
Fjell og fjord H
Langs Håkkåsteinsvatnet mot steinen som markerer både fylkesgrensa mot Trøndelag og bytet mellom fleire gardar i Bøfjorden og Halsa. Foto Bernt Bøe
Fjell og fjord PLAKAT


Flotte bilete frå storslått landskap fyller lerretet. Her vil trimopplegget «Turar i Bøfjorden» utfalde seg på mange vis: Stimulans til å koma seg ut. Gjensyn med «åstader» for liv og drama. Terrengnamn som fortel mangt.

Ønskjer innspel

Også for den som av ymse grunnar ikkje kjem seg til sjøs eller til fjells, vil sikkert bileta gi gjensynsglede rundt kaffebordet.

Arrangøren ønskjer kommentarar til namn og stader i terrenget. Kvifor «Åbitshaugen» og «Håkkåsteinen»? Kva drift var det på Hjelmkona? Kvar finn du «Kobben»? Og: Står den grøne fyrlykta eigentleg på Tangneset, slik Kartverket påstår?

Naturoppleving til kaffen

Opplevingar av ymse slag vil krydre biletkåseriet «Frå fjell til fjord». Du får sikkert lyst til å bli kjent i nordmørsk landskap - anten ved eiga vandring eller som her, frå kaffebordet.

Og kaffen, pølsene og tilbehøret er det Mayse og Gunhild som serverer denne søndagen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

 … Bøfjorden Historielag …

VI SPONSER BØFJORDNETT