Fiskemiddag og historier

Fiskemiddag krydra med underhaldande verbalstoff står på menyen hos Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag.

Fiskemiddag d RANDI
Dølajenta Randi Vetleseter Bøe har si eiga steikeoppskrift på fisk frå fjorden.
MUSEUMSPLAKAT 2015 08 30

Tematittelen «Lokalhistorie på sjø og land» kunne like gjerne vore «Lokale historier frå sjø og land». For her går rindalshumor, morostubbar, rim og skrøner frå heile Nordmøre hand i hand med seriøs historikk. I alvor møter vi nordmøringar i svenskehæren på 1600-talet, hendingar frå sjølivet og dels ukjente foto. Lattersalvene tek folkehumoren seg av, delvis på trykk hos Hyldbakk, Halse, Kjønø og andre – delvis i rein verbal form. Kanskje også frå salen?

Kjøkenet serverer sin populære fiskemiddag – bøfjordsk råstoff smaksett av søndagens sjefskokke, Randi Bøe, som av alle stader kjem frå innlandsbygda Hattfjelldal. Og skulle nokon ønske pølser i staden for fisk, er det råd for det også.

VI SPONSER BØFJORDNETT