Fiskemiddag og dialekt på museet

Teft og tykkje 2012 a Gunnv og Bernt
Med ny utgåve av heftet «Teft og tykkje» inviterer Bøfjorden Historielag til variert dialektprogram – og fiskemiddag - på sjøbruksmuseet søndag.
Interessa for «Teft og tykkje» har i årevis bekrefta sansen for dialekt blant folk.

Søndag presenterer laget nytt, utvida hefte med over 1300 gamle ord og uttrykk frå Bøfjorden og nabobygdene. Under lanseringa blir det stor dialektkonkurranse – «haubrott» - for publikum.
Med Randi Bøe som sjefskokk duftar det bøfjordsk fiskemiddag - steikt sei med tilbehør - frå kjøkenluka. Fisken er levert av museets faste leverandør – Kåre Bøklepp.

Uttrykk frå båtsbygging og robåtar – «urvå», «melå», «keipnevet», osv. - er eigen bolk på programmet. Like eins gamle utnamn på nordmørske farty – som «Bergulen», «Bussin» og «Kromkakå». Dette tek Gunnvald Bøe seg av.

Hans Hyldbakks «Ei haustferd på Nordmøre» startar som føljetong – med opplesing kvar søndag framover. Boka er dessverre utselt, men på denne måten får ein del i Kleivakongens uforliknelege folkelivs- og kulturskildring frå hans tid som tekstil-agent rundt 1930.

VI SPONSER BØFJORDNETT