Finpussar Bøfjordhelga: - Vi har trua!

Komiteen for Bøfjordhelga 12-14. juli finpussar no storsatsinga til inntekt for digitalisering av Coop-butikken – som allereie er ferdig! 

Finpussar A[1]
- Vi har mykje på plakaten! seier Gunnhild Vetleseter Bøe (fremst) og May Iren Dønheim Hovde på vegner av ein iherdig Bøfjordhelg-komite: Terje Endresen (bak frå venstre), Arnt Kjetil Bøe, Ingebrigt Garthe, Grethe Husby Settemsdal, Lars Arve Gravvold, Inge Dønheim og Randi Irene Bæverfjord. (Foto Bernt Bøe)
Finpussar B
Buakaia – idyllisk møtelokale (i godt ver) og sentral arena under Bøfjordhelga. (Foto Bernt Bøe)
Finpussar C Muren
Små og store deltok i dugnaden da Klagemuren vart graven fram att i vår. (Foto Bernt Bøe)
Finpussar D Elias i 2010
Som i 2010 (biletet) og på mange fjorddagar seinare blir det Elias-kjøring i hamnebassenget. (Foto Bernt Bøe)
Finpussar E Bjugnskjær
«Bjugnskjær», eigar Robert Holberg, vil bidra til maritimt miljø på Ilabukta. (Privat foto)


– Dette har vi trua på! seier gruppa og kan legge fram eit flott program. – Og hugs at det går loddsalg med flotte gevintar både på førehand og under heile helga!

Ein kan betale lodd på Coop sitt vippsnummer 580458. Trekninga skjer på museet søndag.

Fotball og quiz
Bøfjordhelga går tre dagar til ende. Fredag 13. juli er det fotballkamp og salg av grillmat på Leikarvollen. Kanskje stiller også nokre oldboys til straffeskyting i pausen. Kvelden held fram med quiz på grendahuset.

Rikhaldig laurdag
Laurdag 14. er fullpakka. Vi nemner noko: Open brannstasjon på Settemsørane – med besøk av «Bjørnis». Buamarsjen derifrå til butikken går på land og sjø. Ein kan spasere i tog eller ro med kyrkjebåten «Hjelmkonnå» frå Øravorren, over Bøsundet og vidare til bua i Ilabukta.

Ved Kveldheim på Bø er det utstilling av veterankjørety. Lunsj får ein kjøpt inne i det tidlegare bedehuset. Ungane får høve til å ri ponny i området mot Børeiten. Det blir også «hestequiz».

Kunst og båtliv
Ved Saga (den gamle kassefabrikken på Ilaneset) har søstrene Tanja og Gjertrud Heggem kunstutstilling. Her er det også open kafe. Natursti ved butikken er eit av mange tilbod.

Ein reknar med – og inviterer til – yrande båtliv på Ilabukta. Frå Redningsselskapet kjem Elias-båt som ungane kan styre rundt i hamnebassenget. Ved Buakaia vil fleire farty gjenskape gamle dagar. Den restaurerte, tidlegare fiskeskøyta «Bjugnskjær» blir for høvet også musikkscene på laurdagskvelden.

Klagemuren 
Opning av den gamle «Klagemuren» er eit sentralt innslag om ettermiddagen. Muren ovafor samvirkelaget var samlingsstad i gamle dagar. Nyleg vart den rydda fram i dagen på nytt. Den får namneskilt, og det blir prolog med glimt frå fortida, song og revyinnslag.

Auksjon og pizzeria
Den påfølgjande auksjonen på kaia byr på mange flotte gjenstandar og blir eitt av dagens høgdepunkt. Inntektene her som elles går til den no gjennomførte digitaliseringa av Coop-butikken.

Laurdagen blir avslutta med pizzeria, pub og musikk på Buakaia.

Blåfjelløp, bacalao og butikkhistorie
Søndagen startar med Blåfjelløpet frå Dragset til Halsa. På Bøfjorden Sjøbruksmuseum blir det så bacalao-middag og kaffe, kåseri om 140 års butikkhistorie og ikkje minst trekning av lotteriet som har pågått heile Bøfjordhelga 2024.

I tilfelle dårleg ver blir ein del av aktivitetane lagt til Bøfjorden grendahus.


........ Bernt Bøe  / innsendt i samråd med komiteen .....
 

VI SPONSER BØFJORDNETT