Fin platekonsert

Turid Røen Kroknes sleppte CD-en «Blant engles kor» i Åsskard kyrkje onsdag. Den landa godt!

Fin platekonsert a2[1]
Turid Røen Kroknes og Brage Einum laga ein praktfull olsokkonsert med stoff frå plata «Blant engles kor».
Fin platekonsert c (1)
CD-en «Blant engles kor» vart lansert på konserten.
Fin platekonsert d
Og etterpå var det kaffehygge i Kyrkjestua.


Olsok-konsertens presenterte eit fyldig dusin folketonar og spirituals frå plata. Pianisten Brage Einum spela til, også i satsar der eit band akkompagnerer på CD-en. Hans herlege musisering utfylte solistens formidling med varme og liv.

Turid syng praktfullt, med utstråling og innleving. Stemmen har eit rikt fargeregister med glans, klarhet og fylde. Og ikkje minst: Ho tolkar stoffet så intelligent og personleg at sjølv kjente songar får fornya innhald.

Det var nær sagt på tide at denne lokale songsolisten igjen «kom på banen». Og at vakre nordmørstonar og innhaldsmetta spirituals blir løfta fram på nytt. Det skjer overbevisande med denne plata og med konsertane knytte til den - no i Åsskard, seinare i Rindal og Valsøyfjord.

Ei gruppe frå koret P17 bidrog med tre folketonar og med kyrkjemusikk av Wesley og Mendelssohn. På eit par salmer fekk publikum synge med.

Som mellomavdeling spela Brage Einum sin eigen fantasi over «Arietta» frå Grieg Lyriske Stykker. Eit lekkert bidrag til ein rikhaldig konsert.

Vertskapet Åsskard sokneråd sørga for sosial ramme rundt konserten og spanderte kaffe etterpå.

Vi gratulerer Turid! Og konsertane i Rindal den 11. og Valsøyfjord den 17. august er å anbefale. Der blir også CD-bandet med, blant dei Ronny Kjøsen, som har arrangert mykje av musikken.

VI SPONSER BØFJORDNETT