Feststund med Nils Røv

Kåseriet med Nils Røv på museet i Bøfjorden søndag vart ei festleg oppleving. Naturforskaren, forteljaren og musikaren begeistra forsamlinga slik berre han kan.
Feststund b Geir Nils Steinar
I munter passiar med slektningane Geir Settemsdal (t.v.) og Steinar Skrøvset (t.h.)
- Kall meg mosokning! svara han kontant på spørsmålet om korleis han, ein av landets fremste naturekspertar, skulle titulerast. – Og så stammer eg frå Skrøvset her i Bøfjorden!

Laust og fast
Mange inntrykk og minne frå besøk og samver med slekta her og i Settemsdalen kom da også fram under kåseriet.

På sin lune og særeigne måte fortalte han «Laust og fast frå fjord og fjell» slik plakaten lydde. Vi fekk høre om orreleik, aurefiske på Tellesbø - og endatil om tragedien med Ringstadbjønnen. Til stor munterhet i salen demonstrerte han «å ro rindaling», «å gå Elster» og «å gå bøverdaling».

Musikaren
Nils er også ein fin musikar, og han krydra kåseriet med nydelege stubbar på munnharpe og munnspel. Måten han nyanserte munnharpelyden på, med bruken av klangrommet i munnhola, gjorde skildringa av orreleiken til ei naturoppleving i seg sjøl. Og fråhaldssaka fekk eit fint argument da han fortalte at munnharpa ikkje toler sterk drikk!

Nylaga «Bøfjordlåt»
Munnspelslåttane varierte frå det vakkert melankolske til det svingande - delvis med virtuose skifte mellom dur- og moll-instrument i same stykka! Ein nylaga «Bøfjordlåt» vart urframført som overrasking til forsamlinga. Vi fekk «Øygardsjenta» med tilhørande historikk frå Bøverdalen, «Jämtlandsk Brurelåt», den dramatiske «Horgalåten» og ein frisk «Todalspols» etter Hallvard Ørsal. Under den siste såg vi det rykte i danseføtene hos somme rundt borda.

Jau, det var museumsturen verdt å lytte til Nils Røv denne sommardagen!

VI SPONSER BØFJORDNETT