Festdag i Bøfjorden

Barna prega nasjonaldagen i Bøfjorden også i år. Og dugnadsveteranar fekk heiderspris frå historielaget.

Festdag a Barn (Foto Bernt G Bøe)
Dei yngste imponerte med song og dikt og viste at dei er framtida i bygda!
Festdag b Tale ved Gunnvald (Foto Bernt G
Gunnvald Bøe var nasjonaldagens festtalar.


Dagens starta med stor oppslutning om toget til Bølandet og fellesfrukosten på skulen – servert av Åsskard Bygdekvinnelag. Etter gudstenesta i Åsskard-kyrkja var det mat og kaffe i grendahuset og ymse uteaktiviteter – mellom anna støvel-kasting (!) der både små og store imponerte.

Gunnvald Bøe heldt festtalen og slo fast at Bøfjorden både har rike tradisjonar å ta vare på og er eit aktivt lokalsamfunn med livets rett. Dette siste vart til fulle bevist da den stadig veksande barneflokken i bygda entra scena med friske innslag av songar og eigne dikt.

Eit høgdepunkt på festen var utdelinga av prisen som Bøfjorden Historielag kvart år gir til nokon som har gjort ein særleg innsats for bygda. Denne gong gjekk «Trollbakkprisen» til dugnadsveteranane Paul Bøe og Oddmund Gravvold. Dei har gjort oppofrande gratisarbeid i mange år - med reising og vedlikehald av felleshus og idrettsanlegg og med deltaking i lag og organisasjonar. Forsamlinga gav enorm applaus da dei to mottok gåve og diplom frå leiar i juryen, Randi Vetleseter Bøe.

VI SPONSER BØFJORDNETT