Fengande om sild og sand

Ekstra stolar måtte til på museet i Bøfjorden søndag, da Per Helge Pedersen var kåsør om «Havets Sølv» og «Gjenreisningsbyen».

Fengande a[1]
Høveleg setting: Kåsør Per Helge Pedersen (t.v.), modellbyggar Gunnar Strand og skipsbyggjar Peder Vaagland attmed museets modell av «Drotland». Begeret av Sølvsilda 1960 og «Veslegut» i ramme markerer beste storsildsnurpar det året. (Foto Bernt Bøe).
Fengande b
Hovudmenn bak suksessbøkene «Havets sølv» og «Gjenreisningsbyen», forfattar Per Helge Pedersen (t.v.) og grafikar Terje Holm. Mange kjøpte bøkene. (Foto Bernt Bøe)
Fengande c THolm
Med fortid som ballsunding, sjømann, redaktør av «Fiskaren» og TK-jorunalist og no som bokforfattar er Per Helge Pedersen ein stor formidlar av lokal kysthistorie. (Foto Terje Holm)
Fengande d
Oddleiv Sjølie frå Aure (t.h.) fortalte Pedersen om si tid ombord i «W. Barentz» og «Stormfuglen» på 1950-talet. (Foto Bernt Bøe)
Fengande e THolm
Litt av forsamlinga. (Foto Terje Holm)


Ei spontan handsopprekking viste at fleire i salen sjøl hadde delteke i gamle dagars storsildfiske, som var hovudtema i foredraget. Her var også folk frå skipsverft som bygde snurpebåtar - og ikkje minst mange som fekk del i velstanden som sildeeventyret skapte i bygd og by.

Foredraget bygde på Pedersens eigne bøker «Havets sølv - kystens gull» og «Gjenreisningsbyen Kristiansund». Boksalget gjekk da også strykande.

Sandfrakting

At sandfrakteskuter, særleg frå Bøfjorden, spela ei sentral rolle da den nedbomba byen vart gjenreist etter krigen, har vore lite poengtert av historikarane. Til gjengjeld vart dette sterkt framheva i første del av Pedersen sitt foredrag.

Med grundig kunnskap godt krydra med personlege opplevingar gav Pedersen forsamlinga ein berikande ettermiddagstime. 

Gjenkjenning

Bileta på lerretet gikk tett på farty, mannskap og landbasert sildeindustri. Tilhørarar med fartstid frå «Møre», «Sea Lord» og «Stormfuglen» opplevde mykje gjenkjenning. Innimellom fall det sakkyndige kommentarar - om å bu 16 mann i same lugar i månadsvis, om drama når nota ikkje tolte sildmengda og om det yrande livet på hamna når flåten kom inn.

Sølvsild og skutemodell

Utstyr på museet utfylte foredraget. Her var premiebeger frå «Veslegut», som vann Sølvsilda som beste storsildbåt i 1960. Her kunne Pedersen betrakte Gunnar Strand sin flotte modell av Smøla-snurparen «Drotland» - saman med Peder Vaagland frå verftet som i 1953 bygde sjølve båten. Og her sit både sandfrakting og fiske så å seie i veggene.

Mykje av historia vår er for viktig til å bli glømt. Med sine bøker og foredrag som dette bidrar Per Helge Pedersen sterkt til at så ikkje skjer.

 

…………………….. Bernt G. Bøe  ……………….

VI SPONSER BØFJORDNETT