Fekk populær pris

Eit høgdepunkt på 17. maifesten i Bøfjorden er kvart år utdelinga av den populære «Trollbakkprisen». Sjeldan har applausen vore sterkare enn i år – da den gjekk til May Iren og Geir Hovde.

Fekk populær A1
May Iren (Mayse) Døheim Hovde takkar for utmerkinga på vegner av seg og ektemannen Geir. Til venstre prisutdelar Gunnhild Vetleseter Bøe frå historielaget. Foto Bernt Bøe
Fekk populær B May Iren og Geir[1]
Vinnarane med diplomet og gåva etter tildelinga. Men anerkjennelsen betyr mest ... Foto Bernt Bøe


Det er Bøfjorden Historielag som deler ut denne påskjøninga «til nokon som gjer ein særs verdifull, frivillig og ulønna innsats for lokalsamfunnet Bøfjorden og folket der». Prisen er eit diplom og ei symbolsk gåve – der verdien først og fremst ligg i anerkjennelsen.

Juryen skriv at utmerkinga «går til to som på uvanleg dyktig vis og med stor energi har gjort det godt og attraktivt både å bu i Bøfjorden og å vera gjestar her i kortare eller lenger tid. Arbeidet deira og stå-på-viljen dei viser, er med og oppfyller det som Surnadals-ordføraren fleire gonger har påpeika som viktig nettopp i dag: At bygdene er sjølhjelpte med nødvendige tenester og har beredskap i tilfelle krisesituasjonar».

Konkret viser dette til innsatsen som May Iren og Geir har gjort og gjer for å styrke og bevare nærbutikken Coop Marked. I arbeidet med modernisering til «hybridbutikk» har dei to også stått i spissen.

Det var sekretær i historielaget, Gunnhild Vetleseter Bøe, som delte ut prisen under 17. maifesten på Bøfjorden Grendahus.

Det særeigne namnet skriv seg frå Trollbakken ytst på Bølandet – eit fint turmål og utsiktspunkt som minner om  Kittelsens måleri «Soria Moria Slott». I grunngjevinga seier historielaget at prisen nettopp skal ispirere til å nå edle og gode mål – som slottet i eventyret.

I ein rørt takketale uttrykte ekteparet Hovde stolt glede over å bli æra av bygda på denne måten.  

............  Bernt G. Bøe, leiar i Bøfjorden Historielag .....

VI SPONSER BØFJORDNETT