Fekk klarsignal til å bygge hytter med klosett

Ingebrigt Garthe har søkt Surnadal kommune om løyve til å bygge 16 hytter med klosett i hyttefeltet Steinholmlia i Åsskardfjorden.

Garthe - Steinholmlia[1]
Foto: Edvin Nyland Nessæther


Hovedutvalet for tenesteutvikling i Surnadal har no gjeve Garthe dispensasjon til å sette opp 16 hytter med klosett. Desse hyttene blir tilknytta eit renseanlegg og septiktank.

Åsskardfjorden er ein terskelfjord (det betyr i følge Wikipedia at det er ein fjordarm med grunt innløp frå havet og eit djupt basseng i fjorden innanfor. Terskelen begrenser utveksling av vatn mellom det djupe bassenget og kysten utanfor.) og difor er det ikkje ønskeleg med utslepp til sjø.

Steinholmlia hyttefelt vart danna og stod ferdig regulert på slutten av 1960-talet i eit samarbeide mellom bedrifta ÅSI-Tre og far til Ingebrigt, Fredrik Garthe. I starten av 1970-talet vart det seld hyttetomter i hopetal langsmed den vakre fjorden.

 

 

VI SPONSER BØFJORDNETT